Ralph Doubell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ralph Doubell
Ralph Doubell 1968.jpg
Fødd 11. februar 1945
Melbourne
Yrke mellomdistanseløper

Ralph Doubell (fødd 11. februar 1945) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Melbourne som vart olympisk meister på 800 meter i 1968.

I 1967 deltok Doubell på 800-meter under sommar-universiaden 1967 i Tokyo, der han vann på tida 1.46,7. Hausten 1968 overraska Doubell stort då OL-finalen på 800 meter fann stad i Mexico-byen. På oppløpssida sprang han forbi kenyanaren Wilson Kiprigut, som låg i teten, og sikra seg gullmedaljen på tida 1.44,3, tangering av verdsrekorden til Peter Snell frå New Zealand.

Etter OL-sesongen kom han ikkje i nærleiken av tidlegare prestasjonar, og skadar leidde til at han la bort piggskoa i 1972.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje – 1,44,3/1.44,40, framom Wilson Kiprigut 1.44,5/1.44,57

Kjelder[endre | endre wikiteksten]