Ralph M. Steinman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ralph M. Steinman
RMSt.jpg
Fødd14. januar 1943
Montreal
Død30. september 2011
Manhattan
NasjonalitetCanada, USA
Områdeimmunologi
Yrkebiolog, immunolog, lege, forskar, professor
InstitusjonarRockefeller University
Alma materHarvard Medical School
McGill University
Harvard University
Rockefeller University
DoktorgradsrettleiarJames G. Hirsch
MedlemNational Academy of Sciences
National Academy of Medicine
Royal Society of Edinburgh

Ralph Marvin Steinman (14. januar 194330. september 2011) var ein kanadisk lækjar og vinnar av nobelprisen i medisin i 2011.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Steinman vart fødd i ein jødisk familie i Montreal i Kanada, men flytte snart til byen Sherbrooke i Sør-Quebec. Etter å ha fullført high school i Sherbrooke, flytte Ralph Steinman tilbake til Montreal, der han budde hjå besteforeldra medan han studerte ved McGill University. Han fullførte doktorgrad i medisin i 1968 ved Harvard Medical School i Boston, Massachusetts.

I vaksen alder arbeidde Steinman som cellebiolog og immunobiolog ved Rockefeller University i byen New York. Hans viktigaste gjerning som lækjar var oppdaginga av det han kalla dendrittceller, eller forgreina celler, i 1973. Steinman døydde 30. september 2011 av kreft i bukspyttkjertelen. Han vart 68 år gamal. [1]

Nobelprisen[endre | endre wikiteksten]

3. oktober 2011 vart det kunngjort at Steinman hadde vunne nobelprisen i medisin saman med Bruce A. Beutler og Jules A. Hoffmann. Prisen vart tildelt Steinman for oppdaginga av dendrittcellene, og rolla dei speler i tilpasningsdyktig immunitet. Nobelkomitéen hadde ikkje blitt informert om dødsfallet då dei kunngjorde tildelinga. Ettersom ein etter reglane ikkje kan gje nobelprisen til avdøde personar, var komitéen i tvil om kva som skulle gjerast med prisutdelinga. Reglane spesifiserer også at ein kan utdela prisen posthumt dersom den kunngjorte prisvinnaren døyr før han mottek prisen. Difor konkluderte komitéen med at Steinman fekk behalda prisen fordi avgjerda vart gjort "i god tru." [2]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]