Ralph MacDonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ralph MacDonald
Fødd15. mars 1944(1944-03-15)
FødestadHarlem i New York
Død18. desember 2011 (67 år)
DødsstadStamford i Connecticut
OpphavUSA
Sjangerjazz, jazz-fusion
InstrumentPerkusjon
Verka somKomponist, arrangør

Ralph MacDonald (15. mars 194418. desember 2011) var ein amerikansk perkusjonist og låtskrivar. Han vart med i bandet til Harry Belafonte då han var 17 år gammal. Han skreiv «Where is the Love» i lag med William Salter for Roberta Flack og Donny Hathaway. Den truleg mest kjende songen hans er Grover Washington, Jr.- og Bill Withers-hitten «Just the Two of Us», som sidan har vorte spelt av mange andre artistar, som Will Smith.

MacDonald spelte saman med mange hundre artistar, som mellom andre George Benson, David Bowie, Aretha Franklin, Art Garfunkel, Billy Joel, Quincy Jones, Carole King, Miriam Makeba, David Sanborn, Paul Simon, Steely Dan, James Taylor, Luther Vandross, Amy Winehouse og Jimmy Buffett. MacDonald vart medlem av Buffett-bandet Coral Reefer Band seint i 1990-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Lista er ikkje fullstendig Med Patti Austin

Med Ron Carter

Med Paul Desmond

Med Milt Jackson

Med Hubert Laws

Med Arif Mardin

Med Bernard Purdie

Med Max Roach

Med Don Sebesky

Med Shirley Scott

Med Gábor Szabó

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]