Ralstonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ralstonitt er eit fargelaust til kvitt mineral som krystalliserer kubisk. Det er eit vasshaldig aluminiumfluorid med varierande mengder natrium og magnesium: NaxMgxAl2−x (F,OH)6·H2O. Det finst sekundært etter kryolitt ved Ivittuut (Ivigtut) på Grønland. Mineralet er relativt utbreitt som små krystalldruserom i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.

Mineralet er kalla opp etter J. G. Ralston frå USA, som først fann mineralet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]