Ramases

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om musikaren. For faraoen, sjå Ramses II.
Ramases
Fødd1. januar 1934
Død2. desember 1976 (42 år)
FødenamnKimberley Barrington Frost
OpphavStorbritannia
Sjangerpsykedelisk rock, progressiv rock
PlateselskapVertigo Records

Ramases, fødd Kimberley Barrington Frost, (1. januar 19342. desember 1976) var ein britisk psykedelisk musikar som gav ut to kultalbum tidleg i 1970-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barrington Frost voks opp i ein musikalsk familien i Sheffield og då han var ferdig med tenesta si i flyvåpenet møtte han i 1960 Dorothy Laflin, som han gifta seg med etter berre tre veker.[1] Paret slo seg ned i London, der han arbeidde som jazzsongar på kvelden og røyrleggjar på dagen, medan Dorothy var servitør.[2] Arbeidsgjevaren hans gav han høvet til å opne ein filial i Edinburgh i Skottland, men då denne etter kort tid gjekk konkurs vart familien verande i Skottland for å byggje opp sitt eige, suksessrike røyrleggjarfirma i Glasgow.

I 1966 flytta familien attende til Sheffield og bygde om huset sitt i romersk stil.[3] Barrington barberte hovudet sitt og byrja å kle seg eksentrisk i silkekjortlar. I følgje soga skal han ha fått eit syn der han vart vitja av den egyptiske faraoen Ramesses som fortalte han at han var reinkarnasjonen av faraoen, og at han måtte spreie meldinga til faraoen med musikk.[4][5]

Han tok namnet Ramases, og i lag med kona, som kalla seg Selket eller Seleka), gav han ut fleire singlar, som selde dårleg. I 1971 fekk Ramases kontrakt hos Vertigo Records via Harvey Lisberg og gav ut albumet Space Hymns i Strawberry Studios i Stockport, akkompagnert av Eric Stewart, Graham Gouldman, Kevin Godley og Lol Creme, som kort tid etter skipa bandet 10cc.[4][5][6] Space Hymns hadde det mest omfattande plateomslaget som Roger Dean nokon gong lagde. Det bestod av seks panel som kunne brettast ut og synte eit kyrkjetårn (St George's kyrkje i Stockport) som tok av og ut i verdsrommet. På den andre sida var det eit biletet av Ramases og Selket i infraraude fargar.[7]

Det andre albumet til Ramases, Glass Top Coffin, vart spelt inn i Phonogram Studios i 1975 i London,[8] men Ramases var ikkje nøgd med strykarane og koret, som vart lagt til i postproduksjonen utan at han gav løyve til det, og han var misnøgd med omslaget.[7] Albumet selde dårleg. Ramases og Selket flytta frå London og slo seg til på landsbygda i Felixstowe Ferry.[5][9][10] Det var planlagt eit tredje album, som skulle få tittelen Sky Lark eller The Sky Lark, og det vart spelt inn demoar for dette, men Ramases var no blitt stadig meir motlaus og 2. desember 1976, 42 år gammal, tok han livet sitt.[2] Dødsfallet hans vart ikkje kjend i musikkmiljøet før tidleg på 1990-talet, men innan den tida hadde demoane til Sky Lark blitt brente opp av den nye ektemannen til Selket.[11][4][12][13]

I 2014 samla skodespelaren og Ramases-fanen Peter Stormare med hjelp av Selket og Harvey Lisberg saman alle dei attverande innspelingane til Ramases, både dei som var gjevne ut og dei som ikkje var det, og samla dei i ein seks plater stor boks.[11][14][15]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Crazy One» / «Mind's Eye» (som Ramases & Selket, publisert av CBS i 1968. A-sida er ein tidlegare versjon av songen «Quasar One».)
  • «Love You» / «Gold Is The Ring» (som Ramases & Seleka, publisert av Major Minor i 1970. «Love You» stundom oppført som «Screw You».)
  • «Balloon» / «Muddy Water» (publisert av Philips i 1971. Stundom oppført som «Ballroom».)
  • «Jesus Come Back» / «Hello Mister» (Philips, 1971)
  • «Niño Viviente» («Life Child») / «Hola Señor» («Hello Mister») (Vertigo, 1972, Chile)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Space Hymns (Vertigo 6360046, 1971)
  • Glass Top Coffin (Vertigo 6360115, 1975)
  • Ramases Complete Discography (Storm Vox Records, 2014) – inneheld begge albuma over, i tillegg til to plater med alternative versjonar, ei plate med singlar rog ei plate med coverversjonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christy. «Rameses & Selket - Psychedelicized». psychedelicized.com. Henta 5. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 «The Saga Of Ramases by Selket, parts 1, 2, 3 & 4». Ramases.wordpress.com. 16. mars 2014. Henta 5. august 2019. 
  3. «Ramases’ ‘Roman style’ house in Sheffield - John Mallender». Ramases.wordpress.com. 9. april 2014. Henta 5. august 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Ramases Biography». Allmusic. Henta 5. august 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Perkins, Jeff. «Music Review: Ramases - Glass Top Coffin Re-release». Seattle Post-Intelligencer. Henta 5. august 2019. 
  6. «Space Hymns Review». Allmusic. Henta 5. august 2019. 
  7. 7,0 7,1 Liner notes to Ramases Complete Discography
  8. «The Quietus - News - LISTEN: Ramases Deluxe Prog Reissue». Thequietus.com. Henta 5. august 2019. 
  9. «Ramases - Glass Top Coffin». Discogs. Henta 5. august 2019. 
  10. «Ramases A Brief History». Dutch Progressive Rock Page. Arkivert frå originalen 1. september 2012. Henta 5. august 2019. 
  11. 11,0 11,1 «Q&A: Actor Peter Stormare on Ramases and the Psych Rock Resurgence - Filter». Ramases.wordpress.com. 22. april 2014. Henta 5. august 2019. 
  12. «Ramases Forum». Brian Currin's Fan Site. Henta 5. august 2019. 
  13. «Ramases». Discogs. Henta 5. august 2019. 
  14. «STORMVOX». Stormvox.com. Henta 5. august 2019. 
  15. StormVoxRecords (25. februar 2014). «The Saga of Ramases Introduction». YouTube. Henta 5. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]