Ramaskrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ramaskrik er høge klagerop, ein storm av misnøye.

Uttrykket har opphav i ein profeti i kap. 31 hos profeten Jeremia i Det gamle testamentet. Det lyder klagerop i Rama; Rakel græt for borna sine, som er borte[1]. Profetien er tolka som eit varsel om barnemordet kong Herodes var ansvarleg for då han ville drepe Jesus og derfor sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre[2].

Rama var ein by om lag 8 km nord for Jerusalem, i stammeområdet til Benjamin. Etter ein tradisjon var Rakel gravlagd i Rama[3]. Jeremia sin profeti kan òg lesast som at Rakel gret i si grav over dei som var daude eller bortførte då Nordriket fall år 722 f.Kr., og over dei som skal bli førte i fangenskap i Babylon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jer 31,15
  2. Matt 2,17
  3. Kai Kjær-Hansen Matteus-evangeliet, studieutgåve 1994 ISBN 82-541-0415-8