Ramblin' Man av The Allman Brothers Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramblin' Man
Singel av The Allman Brothers Band
frå albumet Brothers and Sisters
B-side «Pony Boy»
Utgjeve August 1973
Innspelt Oktober 1972
Sjanger Countryrock, Southern rock
Lengd 4:48
Selskap Capricorn
Låtskrivar(ar) Dickey Betts
Produsent Johnny Sandlin, The Allman Brothers
The Allman Brothers Band-kronologi
«One Way Out»
(1972)
Ramblin' Man «Jessica»
(1973)


«Ramblin' Man» er ein song av det USA-amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i august 1973 som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Brothers and Sisters (1973). Songen vart skriven og sungen av gitaristen Dickey Betts og var inspirert av ein song med same namn av Hank Williams frå 1951. Songen er langt meir countryprega enn tidlegare Allman Brothers Band-songar, noko som gjorde at gruppa var motvillig til å spele han inn. Gitaristen Les Dudek spelte gitarharmoniar og det var ein av dei siste songane bassisten Berry Oakley bidrog til før han omkom.

Songen vart den første og einaste singelen til The Allman Brothers Band som nådde topp 10 i USA då han nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista og 12. plassen på Easy Listening-lista.[1]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

«Ramblin' Man» kan høyrast i filmen Exoristen frå 1973 på ein jukeboks i ein bar der to prestar pratar over ei øl. Songen vart òg nytta i ein barscene i filmen Casey's Shadow i 1978 og det same vart han i filmen When Harry Met Sally... frå 1989. Songen er òg blitt nytta i fjernsynsseriane Supernatural og Hart of Dixie, og i filmen Big Fish.

Isobel Campbell og Mark Lanegan spelte inn songen på albumet Ballad of the Broken Seas.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973-74) Plassering
Australia (Go-Set) [2] 40
Canadian RPM Adult Contemporary 15
Canadian RPM Top Singles 7
US Billboard Hot 100 2
US Billboard Easy Listening[3] 12
US Cashbox Top 100 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 18. 
  2. «Go-Set Australian charts – 8. desember 1973». Poparchives.com.au. 8. desember 1973. Henta 13. august 2014. 
  3. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 14.