Ramfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For artikkelen om fjorden, sjå Ramfjorden.
Ved Sørbotn i Ramfjord.

Ramfjord er ei bygd i Tromsø kommune i Troms fylke. Ho ligg om lag 20 kilometer sør for Tromsø sentrum.

Bygda består av grunnkretsane Lauksletta, Fagernes/Ramfjordmoen, Sørbotn og Hanslarsanes. Desse områda hadde til saman 1055 innbyggjarar og heile skolekretsen 1365 innbyggjarar 1. januar 2006.[1] Sentrum i bygda ligg på Fagernes. Her finn ein barne- og ungdomsskule, barnehage, butikk og kiosk. På Ramfjordmoen, like aust om Fagernes, ligg Tromsø travbane, Universitetet i Tromsø sin forskningsstasjon (inkludert EISCAT-radarane) og ein rallycrossbane. I Sørbotn ligg Ramfjord Camping.

Europaveg 8, innfartsåra til Tromsø, går gjennom det meste av bygda. Frå Fagernes går Fylkesveg 91 mot Nord-Troms.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°33′40″N 19°11′00″E