Lattakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ramitha)
Lattakia
arabisk اللَاذِقِيَّة
by
Bilete frå Lattakia
Land  Syria
Guvernement Lattakia guvernement
Distrikt Lattakia-distriktet
Høgd 11 moh.
Koordinatar 35°31′N 35°47′E / 35.517°N 35.783°E / 35.517; 35.783
Areal 58 km²
Folketal 383 786  (2004)
Grunnlagd 300-talet fvt.
Retningsnummer 41
Kart
Lattakia
35°31′25″N 35°47′30″E / 35.523611111111°N 35.791666666667°E / 35.523611111111; 35.791666666667
Wikimedia Commons: Latakia
Nettstad: www.elatakia.sy

Lattakia (arabisk اللَاذِقِيَّة, al-Lādhiqīyah) er den største hamnebyen i Syria, i tillegg til å vere hovudstaden i Lattakia guvernement. Byen er i tillegg til hamneby eit senter for dei kringliggande jordbruksbyane og landsbyane. Ifølgje folketeljinga i 2004 er folketalet i byen 383 786.[1][2] Han er den femte største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus, Homs og Hama, og grensar til Tartus i sør, Hama i aust, og Idlib i nord.

Sjølv om staden har vore busett sidan 1000-talet fvt., vart den moderne byen grunnlagd på 300-talet fvt. under styret til selevkidane. Lattakia vart så styrt av romarane, så omajadane og abbasidane på 700-900-talet evt. Under styret deira gjekk bysantinarane ofte til åtak på byen, og heldt i periodar byen før dei tapte han att til arabarane, særleg fatimidane. Sidan vart Lattakia styrt av seldsjukk-tyrkarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane. Etter fyrste verdskrigen vart Lattakia ein del av det franske mandatet i Syria, der han tente som hovudstad i eit sjølvstendig område busett av alawittar. Dette sjølvstendige området vart Alawittarstaten i 1922, og erklærte seg sjølv fleire gonger sjølvstendig før det vart innlemma i Syria i 1944.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Som mange selevkidebyar vart Lattakia kalla opp etter ein herskar i dynastiet.[3] Han fekk første namnet Laodikea (gresk Λαοδίκεια ἡ Πάραλος, som òg vert skrive Laodikeia eller Laodikeia), av Selevkos I Nikator til ære for mora si, Laodike. Det originale namnet overlevde i den arabiske forma som al-Ladhiqiyyah (arabisk اللاذقية), som det franske franske Lattaquié og internasjonale Latakia eller Lattakia kjem frå.[3][4] Osmanarane kalla byen tyrkisk Lazkiye, medan det latinske namnet er latinsk Laodikea ad Mare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Staden der Lattakia ligg, på neset Ras Ziyarah[5][6] har vore busett i lang tid. Den fønikiske byen Ramitha låg her, som av grekarane vart kalla Leukê Aktê, «kvitekysten». Ramitha er datert attende til minst 1000-talet fvt. og var ein del av kongedømet Ugarit som låg litt lenger nord. Etter kvart som makta til Ugarit forsvann mot slutten av 1000-talet fvt, gjorde den gode hamna at Ramitha vart meir viktig.[4]

Busetnaden vart ein del av Det assyriske riket, og fall seinare til persarane, som innlemma han i distriktet Abar-Nahara, på andre sida av elva. Han vart erobra av Aleksander den store i 333 fvt., etter sigeren hans i slaget ved Issus over den persiske armeen leia av Darius III, og markerte starten på den hellenistiske tida i Syria.[7]

Etter Aleksander den store døydde i 323 fvt., fall Nord-Syria under Selevkos I Nikator sin kontroll. Han grunnla byen Laodikea, ein av fem byar kalla opp etter mor si, Laodike. Laodikea vart eit hovudsenter for gresk kultur og ein av dei nye hovudkvartera for satrapen. Han var hovudhamna for Apamea, som han hadde vegsamband til over Alawifjella. Laodikaea vart ei viktig hamn, den nest viktigaste etter Selevkia Pieria.[4] Han danna ein tetrapolis, med Antiokia, Selevkia Pieria og Apamea, og desse fire byane i selevkidane sitt Syria vart knytte saman i ein union kalla syrisk tetrapolis.[7]

Byen vart skildra i Strabon sin Geografika:[8]

«

Han er ein vakker by, med ei god hamn, og eit område som har rike avlingar og mykje vin. I dag vert det meste av vinen sendt til alexandreiarane, sidan heile fjellet som ligg oppom byen er dekte av vinrankar nesten heilt til toppen. Toppane ligg langt frå Laodikea, og heller slakt opp frå byen, men tårnar over Apameia, der dei stig bratt opp.

»

Romersk styre[endre | endre wikiteksten]

Tempelet til Bacchus i Lattakia.

I 64 fvt., avskaffa den romerske legaten Pompeius formelt Selevkideriket og skapte den nye romerske provinsen Syria. Under maktkampen mellom Augustus og Marcus Antonius, klarte sistnemnte å vinen støtte frå Laodikea under det korte styret hans av Syria ved å gje etter somme skattar og love sjølvstyre. Etter nederlaget til Marcus Antonius, endra romarane namnet på Laodikea til Laodikea-ad-Mare, og byen blømde igjen som ei transitthamn for handel mellom aust og vest, og hadde berre Antiokia over seg på rangstigen. Denne handelen vart systematisert ved å bygge Via Maris, ein kystveg som gjekk frå Antiokia til Damaskus og Beirut via Laodikea.[7] I det første hundreåret fvt., gav Herodes den store, kongen av Judea, byen ein akvedukt, og restane av denne står framleis aust for byen. I starten sette romarane ut fire legionar i Syria, og ein av desse, Legio VI Ferrata, var truleg plassert i Laodikea.[9]

I 193 evt. vart byen plyndra av guvernøren av Syria, Pescennius Niger, i opprøret hans mot den nye keisaren, Septimius Severus. I 194 omorganiserte Septimius Severus Syria inn i fem nye provinsar. Ein av desse, Koilesyria, inkluderte heile det nordlege Syria og hadde ei kort stund hovudstaden i Laodikea før han vart flytta til Antiokia. Septimius Severus rekna Antiokia for å vere meir degenerert enn Laodikea, og prøvde å straffe Antiokia for å ha støtta opprøret til rivalen Pescennius Niger.[9]

Septimius Severus gav Laodikea fire søylegangsgater som delte byen i ei rekkje rektangel. Romerske Laodikea var basert på byplanen til selevkidane og vart lagt ut langs ein vertikal akse som strekte seg 1,5-2 kilometer frå nord til sør, og knytte sentrum av byen til den nordlege vegen til Antiokia, og danna cardus maximus (hovudhandelsgata). Aust-vest-aksen bestod av tre hovudgater: den første knytte hamna til festninga, den andre knytte hamna til Apamea-vegen og den tredje knytte hamna til ein monumental firevegs boge, eller tetrapyl, somv art reist over krysset med den nord-sørgåande søylegangsgata.[9] Septimius bygde òg bad, eit teater, ein hippodrom, fleire heilagdomar og andre offentlege bygg i byen. Roma rekna Laodikea som ein særs viktig hamneby i den høgt skatta provinsen Syria.[10]

Gjennom 200- og 300-talet var Laodikea avhengig av Antiokia. I 272 vart byen erobra av Zenobia, dronninga i Det palmyrenske riket, etter ho mislukkast i å ta Antiokia frå keisar Aurelian. Etter opprøret i Antiokia i 378, fekk Laodikea ny gunst hos keisaren og nytte høg velstand fram til bysantinsk tid. I 494 vart byen øydelagd i det første av ei rekkje jordskjelv. I 528 skapte keisar Justinianus I av Austromarriket den nye provinsen Theodorias av eit kystbelte kring Laodikea, og bygde opp att og forsterka byen mot den aukande persiske trugselen.[10] I 555 råka eit nytt kraftig jordskjelv Latakia.[treng kjelde]

Ein stor jødisk folkesetnad budde i Laodikea i det første hundreåret. Kjettaren Apollinarius var biskop i Laodikea på 300-talet. Byen prega myntar frå tidlege tider.

Tidleg islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Laodikea fall til Rashidun-armeen i 638, under general Abu Ubaida, som visstnok hadde grave grøfter kring byen slik at sjølv menn til hest kunne rykke fram umerka. Dei lata som om dei skulle trekkje seg attende til Homs, men kom attende om natta og overraska innbyggjarane. Kristne som hadde drege frå byen fekk lov å vende heim att og forsette kyrkja si. Laodikea vart av muslimane kalla «al-Ladhiqiyah» eller «Latakia»,[10] og Umar ibn al-Khattab, den regjerande kalifen då han vert erobra, la han under Jund Hims.[11]

Under styret til umajjadane vart byen øydelagd av eit bysantinsk raid i 705 og igjen i 719, då ein bysantinsk styrke støtta av ein flåte brende ned byen og tok mange av innbyggjarane som fangar. Reparasjonar og gjenoppbyggingar av bygningane og festningsverka vart starta av kalifen Umar II, som òg betalte løysepengar for innbyggjarane til bysantinarane. Etterfølgjaren hans, Yazid II, betra festningsverka og forsterka den muslimske garnisonen.[10]

Seint på 900-talet byrja bysantinarane, under keisar Nikeforos II, å utnytte forvirringa og ustabiliteten mot slutten av abbaside-tida, og erobra delar av det islamske området. I 970 fall Latakia, men i 980 tok fatimidane byen attende og den bysantinske guvernøren Karmaruk, vart seinare halshogd i Kairo. Til slutt, seint i hundreåret, fall han til tyrkarane som var leia av Banu Munqidh av Shaizar. Han avstod byen til seldsjukkar-sultan Malik Shah I i 1086. Mange av dei flotte, offentlege byggverka i Lattakia var alt i ruinar på den tida.[10]

Krossfarar, Ajjubide-dynastiet og mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

Dei første krosstoga nådde Syria i 1097, og den 19. august 1097, trengte 28 skip frå Kypros under Guynemer av Boulogne inn i hamna i Lattakia, plyndra byen og gjorde han ein del av Fyrstedømet Antiokia.[10] Under krosstoget, vart den sørlege hamna til Lattakia og Baniyas gjeve til Robert av Normandie og Raymond av St. Gills. Nokre år seinare, i august 1099, kringsette Bohemond Lattakia med hjelp av flåten frå Pisa leia av erkebiskop Daiberto Lanfranchi. I løpet av få månader vart Bohemond teken til fange av Danishmend. Sjå månader seinare tok nevøen hans Tankred over trona og sette segl mot Lattakia igjen. Denne gongen fall byen til han i 1103 etter ei 18 månader lang omleiring.[10][12] Året etter, tvang ein bysantinsk flåte under admiral Kantakouzenos nok ein gong frankarane til å kapitulere, sjølv om bysantinarane ikkje klarte å ta festninga. Det var ikkje før i 1108 at frankarane klarte å få kontroll over byen. Med hjelp frå flåten i Pisa, erobra Tankred Lattakia etter at Bohemond hadde lova han til keisar Alexios I Komnenos som ein del av Devol-traktaten i 1108. For tenestene sine fekk folket frå Pisa og Genova enklavar i byen, og rettar til å fri handel i hamna og fyrstedømet.[10]

Under frankarane vart Lattakia kalla «La Liche», og dekte eit område på 22 kvadratkilometer, og bestod av tre fråskilde område. Hamna, som opphavleg var ei open bukt med kaianlegg i marmor lagt der av romarane, vart verande eit viktig handelssenter. Sjølve byen, som tidlegare var kringsett av eit lukka festningsanlegg, var no borte. På to åsar stod to borger som ruva over byen. I krossfarartida hadde byen franske innbyggjarar, ein større muslimsk folkesetnad og eit stort gresk-ortodoks samfunn. To av kyrkjene deira står framleis, Jomfrukyrkja og St. Nikolaskyrkja.[10]

I 1126 vart byane Lattakia og Jableh ein del av medgifta til prinsesse Alice, dottera til kong Baldwin II av Jerusalem, som mislukkast i å prøve og halde på makta i Antiokia. Alice donerte seinare eit hus i byen til den kristne Johanittarordenen, som gjorde byen til hovudbasen sin i regionen.[10] I april 1126 raida emiren Sawar, som var guvernør i Aleppo, og plyndra byen, og tok mange til fange og store mengder av skattane. Byen vart vidare øydelagd av jordskjelv i 1157 og 1170, i tillegg til åtak på hamna.[10]

Den 21. juli 1188 nådde Saladin fram til murane i Lattakia og tvang fram ei kapitulering hos krossfararane to dagar seinare. På den tida hadde han vorte ein godt befesta og rik by. Saladin utpeikte emir Sunkur al-Kilati som guvernør og gav byen ein sterk muslimsk garnison. Guy de Lusignan, kongen i Jerusalem som vart teken til fange i slaget ved Hattin, sat visstnok fanga i Lattakia for løysepengar.[13] I august 1190 hadde Saladin rive ned hamna for å hindre at han vart erobra igjen av det tredje krosstoget. Etter eit mislukka forsøk, klarte Bohemond II å ta byen for ei kort stund i 1197, men trekte seg attende etter kort tid. Igjen under muslimsk kontroll, vart byen bygd opp att og festninga restaurert. Frankarane i Tripoli og Johanittarordenen prøvde fleire gonger å angripe byen, men mislukkast. Tidleg på 1200-talet vart ein stor moské, Masjid al-Kabir, bygd.[13]

I 1207 fekk det store venetianske samfunnet handelskonsesjon frå den muslimske guvernøren. Avtalen varte derimot ikkje lenge. I desember 1223 øydela ein arme frå Aleppo, i frykt for det femte krosstoget, alle forsvarsverka og tok festninga frå kvarandre. Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi skreiv at Lattakia under Ajjubide-dynastiet var «ein gammalgresk by, med mange antikke bygningar, og har fine område, og ei glimrande hamn.» Han nemnte òg at byen var tidlegare ein del av Jund Hims, men at han i 1225 høyrte til Aleppo-distriktet.[14] Med den første mongolinvasjonen og då mamelukkane tok over makta, tok Bohemond VI byen og gav halve byen til Johanittarordenen som takk for å ha hjelpt til under erobringa. Genuesarane vart så gjenoppretta i byen på kostnad av venetianarane.[13]

Etter fallet til Fyrstedømet Antiokia i 1268 signerte mamelukkane under sultan Baibars og kong Hugo III av Antiokia ein avtale om Lattakia. Avtalen, som vart signert 4. juli 1275, gjorde at byen fekk fridom frå muslimane mot at dei betalte ein årleg skatt. Lattakia var no ein avstumpa enklave for krossfararane og hadde mista statusen sin som viktig by, medan andre hamnebyar som Tripoli og Alexandria, utvikla seg.[13]

Baybars vart tvinga til å overgje Lattakia til emir Sunkur av Damaskus den 24. juli 1281. Baibars fekk kontroll att over byen etter fallet til Sunkur. I 1287 råka eit jordskjelv byen og skapte store øydeleggingar på festningsverka, og øydela Duetårnet, Kaitårnet og fyret. Sultanen Qalawun, som alt hadde erobra den store Johanittarborga Margat, utnytta situasjonen og sende emiren Turuntay for å angripe byen. Den 20. april 1287 fall Lattakia til Turuntay.[13]

Kring 1300 skreiv den arabiske geografen al-Dimashqi at det ikkje var rennande vatn i Lattakia og det var lite med tre, men at hamna i byen var «vedunderleg... full av store skip».[15] Lattakia heldt fram å lide under konstant krigføring og plyndrarar. Han vart angripen og brend igjen i 1366 av Peter I av Kypros. Mykje av byen var i ruinar og hadde færre innbyggjarar enn rivalbyane Tripoli og Beirut, og hamna var i dårleg stand i 1450.[13] I 1332 vitja den marokkanske reisande Ibn Battuta Latakia på reisene sine.[16]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe kvilande alawittiske musikarar frå Lattakia, 1920-åra

Lattakia kom under osmansk kontroll etter 1516 og vart ein del av Osmansk Syria. Byen heldt fram nedgangen og midt på 1500-talet hadde byen vorte ein liten avhengig landsby. I osmansk tid var Lattakia kjend for bomull, oliven, valnøtter, morbærtre og vindruer.[13]

Tidleg på 1700-talet vart Lattakia styrt av Yasin Bey og var ein del av Tripoli sanjak, men eit stort opprør i byen førte til at han og familien hans vart fjerna frå makta. Ein ny moské, Masjid al-Jadid, vart reist av den osmanske guvernøren i Damaskus mellom 1733 og 1743. I 1810 og 1823 førte jordskjelv nok ein gong til store øydeleggingar i byen og andre kystområde i Syria.[13]

Trass i at han ikkje lenger var ein viktig by, var hamna framleis særs aktiv og verdifull. Hamna tok imot meir enn 100 skip i året i 1835, men sjølve hamna mudra til og kunne berre ta imot fire eller seks små båtar. Mot slutten av 1800-talet, tok ho imot kring 120 dampskip og kring 570 seglfartøy kvart år, men dei fleste kunne berre ankre opp utanfor sjølve hamna.[13] I 1888, då Beirut wilayat vart oppretta, vart Latakia den nordlegaste byen i denne provinsen.[17]

I den osmanske tida var regionen Lattakia hovudsakleg alawittisk. Sjølve byen hadde store mengder sunniar og kristne innbyggjarar. Landeigarane var som regel sunni, medan bøndene stort sett var alawittar. Som med drusarane, som òg hadde ein spesiell status før slutten av den fyrste verdskrigen, hadde alawittane eit spent forhold til dei osmanske overherrane. Faktisk fekk dei ikkje ein gong status som millet, sjølv om dei var relativt sjølvstyrte.[18]

Det franske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Alawittarstaten (1920-1936).
Eit poststempel frå Alawittarstaten i 1926.
For meir om dette emnet, sjå Alawittarstaten.

På byrjinga av 1900-talet var Lattakia ein liten by med 7 000 innbyggjarar, styrt frå Beirut. Etter nederlaget til Det osmanske riket i fyrste verdskrigen, hamna byen under det franske mandatet som vart oppretta den 31. august 1920. Lattakia vart hovudstaden i det sjølvstyrte området til alawittane, med eit styre som var underlagt fransk administrasjon. I 1922 vart dette området, som bestod av Lattakia og Tartus, Alawittarstaten. Franskmennene ordna opp hamnefasilitetane og bygde opp att den sørlege og nordlege moloen og mudra opp hamna frå to til seks meter.[13]

I desember 1924 annonserte den franske generalen Maxime Weygand utskiljinga av Alawittarstaten, som vart erklært sjølvstendig i 1925. I 1930 vart ei grunnlov skriven av regjeringa i Lattakia, og i 1931 hadde folketalet i Lattakia stige til 20 000. I 1932 vart det lagt fram planar om ei ny djupvasshamn.[13]

Styret i Lattakia vart innelemma i Syria i 1936, men drog nytte av ein spesiell adminsitrasjon under styresmakta til den syriske regjeringa.[13] Same året fekk franskmennene løyve til å stasjonere soldatar i Lattakia for fem nye år. Med tapet av hamnene i Alexandretta og Antiokia til Tyrkia i 1939, vart Lattakia hovudhamna i Syria, og det var ingen andre alternativ enn å utbetre hamnefasilitetane.[19]

I 1939 vart Lattakia igjen hovudstaden i det sjølvstyrte området til alawittane, og var nok ein gong skild frå Syria, men vart innlemma att i juni 1944 etter Syria erklærte sjølvstende, noko som vart stadfesta i 1947.[19]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Lattakia i 1970
Lattakia hamn i 2009

Alt utanom nokre få antikke bygningar er øydelagd, ofte av jordskjelv. Dei som står att er ein romersk triumfboge og korintiske søyler, kalla Bacchus-kolonnaden.[20]

Det vart lagt planar om eit omfattande hamneprosjekt i 1948 og bygginga byrja i 1950, med støtte på 6 millionar dollar frå Saudi-Arabia. I 1951 var det første stadiet i bygginga ferdig, og stadig meir av eksporten frå Syria gjekk gjennom hamna.

I august 1957 gjekk 4 000 egyptiske soldatar i land i Lattakia etter ordre frå Gamal Abdel Nassertyrkiske soldatar samla seg langs grensa til Syria. Nasser skulda byen for å huse tyrkiske kommunistar.[21]

Ein stor motorveg mellom Lattakia og Aleppo og Eufratdalen opna i 1968 i tillegg til ei jernbanelinje til Homs. Hamna vart enno viktigare etter 1975 på grunn av den vanskelege situasjonen i Libanon og tapet av Beirut og Tripoli som hamner.[19] I 1971 handsama hamna 1 630 000 tonn med last. I 1970-åra vart hamna utvida og i 1981 handsama han 3 593 000 tonn med importerte varer og 759 000 tonn eksportvarer.[22]

I 1973, under oktoberkrigen (Jom Kippur-krigen), vart slaget ved Lattakia mellom Israel og Syria utkjempa i havet like utanfor Lattakia. slaget var det første som vart utkjempa ved hjelp av missil og ECM (elektronisk mottrekk).[23]

Under den syriske borgarkrigen vart byen visstnok angripen av opprørarar den 14. august 2011. Aktivistar hevda at 25 menneske omkom i dette åtaket.[24]

Det største russiske utanlandske elektroniske lytteanlegget ligg i Lattakia.[25]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lattakia ligg 348 km nordvest for Damaskus, 186 km sørvest for Aleppo, 186 km nordvest for Homs og 90 km nord for Tartus.[26] Nærliggande byar og landsbyar er mellom andre Kasab i nord, Al-Haffah, Deirmama, Slinfah og Qardaha i aust i al-Ansariyahfjella, og Jableh og Baniyas i sør.

Lattakia er hovudstaden i Lattakia guvernement, vest i Syria, nær grensa til Tyrkia i nord. Guvernementet har eit areal på anten 2297 km²[27] eller 2437 km².[28] Lattakia by ligg i Lattakia-distriktet nord i Lattakia guvernement.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Etter Köppen si klimaklassifisering, har Lattakia eit varmt Middelhavsklima (Csa) med varme, tørre somrar, og milde, våte vintrar.[29] Dei våtaste månadane i Lattakia er desember og januar, då normalnedbøren er kring 160 mm. Den tørraste månaden er juli, då det i snitt kjem berre 1 mm med regn. Middeltemperaturen i byen varierer frå kring 12 grader celsius i januar til kring 27 grader celsius i august. Lattakia får i snitt kring 760 mm nedbør i året.

Vêrdata for Latakia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 15,6 16,3 18,4 21,5 24,2 26,8 28,9 29,7 29 26,8 22,1 17,3 23,05
Døgnmiddeltemperatur °C 12 12,7 14,7 17,8 20,7 23,9 26,5 27,1 25,6 22,6 17,9 13,7 19,6
Gjennomsnittleg min °C 8,4 9 10,9 14 17,1 20,9 24 24,5 22,1 18,4 13,7 10 16,08
Gjennomsnittleg nedbør mm 162,6 99,8 90,6 44,2 21 4,5 0,9 4,5 7,8 67,1 95,2 160,7 758,9
Gns. dagar med regn 11,3 9,3 8,4 4,6 2,7 1 0,3 0,3 1 5,2 6,6 11 61,7
Gns. solskinstimar i månaden 136,4 153,7 198,4 225 297,6 321 325,5 316,2 288 248 192 151,9 2 853,7
Kjelde: World Meteorological Organization,[30]Hong Kong Observatory for regndagar og solskinstimar[31]


Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

År Folketal
1905 25 000[32]
1932 24 000[33]
1943 36 000[33]
1957 56 000[33]
1970 126 000[33]
1987 241 000[33]
1994 303 000[33]

På byrjinga av 1900-talet hadde Lattakia eit folketal på kring 7 000 innbyggjarar; men Journal of the Society of Arts noterte eit folketal på 25 000 i 1905.[32] I eit estimat frå 1992 hadde Lattakia eit folketal på 284 000, og dette steig til 303 000 i ei folketeljing i 1994.[33] Folketalet i byen heldt fram å stige og nådde eit estimat på 402 000 i 2002.[34] Dette talet kjem derimot an på kvar ein definerer bygrensene. Under ein definisjon hadde storbyområdet til Lattakia eit folketal på 370 000 i 2010.[2]

Lattakia har ein liten sunnimuslimsk majoritet og ein stor alawittisk minoritet. På landsbygda er det ein alawittisk majoritet på kring 70 %, medan kristne utgjer opp til 14 %, sunnimuslimar 12 %, og ismailittar dei siste 2 %. Byen fungerer som hovudstad for alawittane og er eit stort kultursenter i området for religionen.[34] Gjennom 1980- og 1990-åra, flytta mange alawittar til byen Damaskus i sør.[35] Det finst mange gresk-ortodokse i Lattakia, som er eit bispedøme og den største kyrkjelyden i gresk-ortodokse kyrkja i Antiokia.[36][37] I 1825 vart det registrert 6 000-8 000 muslimar, 1 000 gresk-ortodokse kristne, 30 armensk kristne, 30 maronitt-katolikkar, og 30 jødar.[38]

Eit armensk samfunn på 3 500 held framleis til i byen,[39] og det finst òg eit lite gresk samfunn. Innanfor bygrensene ligg den «uoffisielle» Lattakia-leiren, som vart oppretta i 1956 og husar 6 354 palestinske flyktningar, hovudsakleg frå Jaffa og Galilea.[40] Heile folkesetnaden snakkar arabisk, hovudsakleg nordlevantinsk dialekt.[41]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Cote d'Azur-stranda

Hamna i Lattakia er hovudruta inn i Syria for containerar, men handsamar òg store mengder metall, maskineri, kjemikaliar og mat. I 2004 vart det lessa av 5,1 millionar tonn, og ein million tonn vart eksportert frå hamna. Eit nytt kaiannlegg er under utbygging. Hamna vert driven av halvvegs sjølvstendige, statlege selskap.[42] I området rundt Lattakia er det eit rikt jordbruk. Eksportvarer er mellom anna bitumen og asfalt, korn, bomull, frukt, egg, vegetabilsk olje, keramikk, og tobakk. Bomull, handsaming av vegetabilsk olje, garving, og svampfiske er lokale industriar i byen.[20]

Cote d'Azur-stranda i Lattakia er ein av dei mest populære feriestadane i Syria, og aktivitetar her er mellom anna vasski, jetski og brettsegling. Byen har åtte hotell, to av dei fem stjernes.[43]

Som i andre syriske byar er vindaugeshopping og kveldsturar til marknadane det mest populære tidsfordrivet i Lattakia. Mange designerbutikkar ligg i 8 Azar-gata og hjarte av shoppingområdet er ei rekkje blokker kring 8 Azar-gata, Yarmoukgata og Saad Zaghloul-gata i sentrum av byen.[44]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Lattakiatobakk[endre | endre wikiteksten]

Lattakiatobakk er ein spesiell tobakk som opphavleg vart produsert i Syria og kalla opp etter hamnebyen Lattakia.[45] I dag vert tobakken hovudsakleg produsert på Kypros. Han vert tørka over ein eld av pinje eller eik, noko som gjev han ein intens røykfull, pepra smak og lukt. Han er som regel for sterk for folk flest til å røyke rein, og vert gjerne blanda med andre typar tobakk, særleg engelsk, balkansk og somme amerikanske blandingar.[45]

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Lattakia har ein årleg festival, Al-Mahaba-festivalen. Festivalen vert halde mellom 2. og 12. august og omfattar kulturelle hendingar, idrettskonkurransar og konsertar. Festivalen vert halden i Latakia Sports City som er eit landemerke i byen.[46] Blomsterfestivalen vert halden på same tid.[47] Minnefestivalen i Lattakia er retta mot den antikke historia til Lattakia. Han vart halden kvart år frå 16. til 18. september og omfattar karnival, panoramautstillingar om Ugarit og det antikke Laodikea, ein fønikisk båtkonkurranse og utstilling, og bretteglingskonkurranse.[47]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Khan al-Dukhan eller Lattakiamuseet.

Nasjonalmuseet i Lattakia vart bygd i 1986 nær sjøen. Bygningen var tidlegare heimen til guvernøren i Alawittarstaten og var opphavleg ein osmansk khan («karavansarai») frå 1500-talet kalla Khan al-Dukhan, som tyder «Røyk-khanen», sidan dei dreiv tobakkshandel her. Khanen var ikkje berre eit gjestgjevari, men var òg ein privat bustad.[36] Utstillingane omfattar tavler frå Ugarit, smykke, myntar, småfigurar, keramikk frå antikken og tidlege arabiske og krossfararne sine ringbrynjer og sverd.[48][49]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Al-Assad stadion

Lattakia har to fotballklubbar: Teshrin vart skipa i 1947,[50] og Hutteen i 1945.[51] Begge laga spelar på al-Assad stadion, som har ein kapasitet på 35 000 tilskodarar. Like nord for byen ligg Latakia Sports City, som vart bygd i 1987 for å huse Middelhavsleikane i 1987[52] og der det i dag vert halden idrettsarrangement.[44] Komplekset omfattar eit stadion med kring 45 000 sete, eit stupebasseng, eit tildekt symjebasseng og eit olympisk symjebasseng, i tillegg til ein tennisklubb med elleve banar og ein yachtklubb.[52]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

På grunnskulenivå (6-15 år) har Lattakia 167 812 elevar fordelt på 615 skular med ein kapasitet på 5 824 klassar og 10 446 lærarar. På vidaregåande nivå har Lattakia 16 968 elevar (54% kvinner) fordelt på 613 klassar og 4 992 lærarar.[53]

Universitetet i Lattakia vart skipa i 1971 og kalla Tishreen universitet («Oktoberuniversitetet») i 1976 til minne om sigeren Syria hevda dei tok i oktoberkrigen i 1973. Universitetet har 25 660 studentar, 57% kvinner.[53] Byen husar ei grein av Det arabiske akademiet for vitskap, teknologi og sjøfart.[20]

Ein skule i Lattakia i Syria er kalla opp etter Jules Jammal, ein arabisk kristen offiser som var ein sjølvmordsbombar som gjekk til åtak på eit fransk skip.[54]

Lokal infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Triumfbogen (Latakia Tetraporticus) i Lattakia

Den moderne byen syner still spor etter den tidlegare stordomstida. Marinaen er bygd på fundament av antikke søyler og det finst ein gammal port og andre spor frå antikken i området, som sarkofagar og gravgrotter. Porten er ein merkverdig triumfboge søraust i byen, nesten like heil som då han vart bygd. Han har fire inngangar, som Forum Jani har i Roma. Det er trudd at bogen vart bygd til ære for Lucius Verus eller Septimius Severus.[55] Delar av greske og latinske inskripsjonar er spreidd over alle ruinane.

Interessante stader i nærleiken er den massive Saladin-borga og ruinane av Ugarit, der ein har funne nokre av dei tidlegaste spora etter alfabetisk skrift. Her finst òg fleire populære strender. Det er mange moskéar i Lattakia, mellom anna Den store moskéen frå 1200-talet og Jadid-moskéen frå 1700-talet bygd av Suleiman Pasha Azem.[36]

Helsevesen[endre | endre wikiteksten]

Lattakia har 16 sjukehus med til saman 1 278 senger, i snitt ei seng per 663 personar. Han har òg 94 helsesenter, som i snitt er eit senter per 9 011 personar. Talet på lækjarar er 1 696, med 499 personar per lækjar. I tillegg finst her 888 tannlækjarar og 448 farmasøytar.[53]

Det største sjukehuset i Lattakia er nasjonalhospitalet i Lattakia i Bagdadgata. Al-Assad universitetssjukehus ligg i 8 Azargata. Det meir moderne Tishreen universitetssjukehus vart bygd som ein del av Tishreen universitet.[56]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Vegar knyter Lattakia til Aleppo, Beirut, Homs, og Tripoli.[20] Hovudkystvegen i byen er Jamal Abdel Nasser-gata, kalla opp etter den tidlegare egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser. Her ligg hotell, restaurantar og bymuseet og endar ved Hitteenplassen. Frå plassen går han i ei grein sørvest til al-Maghreb al-Arabi-gata,[57] sørover til 8 Azar-gata, som held fram sør til ho dannar Bagdad aveny, hovudvegen mellom nord og sør.[58]

Mykje av byen er tilgjengeleg med taxi og andre offentlege transporttilbod. Bussar transporterer folk til forskjellige syriske, libanesiske og tyrkiske byar, som Aleppo, Damaskus, Deir ez-Zor, Palmyra, Tripoli, Beirut, Safita, Hims, Hama, Antakya, og Tartous. Garagat Pullman busstasjon ligg ved Abdel Qader al-Husseini-gata, og minst eit dusin private selskap held til ved stasjonen. På same gata ligg den eldre Hob-Hob bussstasjon, som driv på det prinsippet at dei køyrer når det er fullt til Damaskus og Aleppo. Lokale minibussar køyrer mellom al-Yaman-plassen ogsentrum av byen.[44]

Togstasjonen i Lattakia ligg ved al-Yamanplassen. Chemins de Fer Syriens opererer toga, og av ruter finn ein to daglege avgangar til Aleppo og ein gong i veka til Damaskus via Tartous. I 2005 reiste kring 512 167 passasjerar frå togstasjonen i Lattakia.[59]

Bassel Al-Assad internasjonale lufthamn ligg 25 km sør for Lattakia og fungerer som ein nasjonal og regional flyplass med faste ruter til Sharjah, Jidda, Riyadh og Kairo. Hamna i Lattakia har seks organiserte båtruter mellom Alexandria, Izmir og Beirut. I tillegg går det uregelmessige ferjer til Kypros. I 2005 reiste 27 939 passasjerar ut frå hamna.[59]

Internasjonale samband[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. 2,0 2,1 Folketal på «World-Gazetteer.com». Arkivert frå originalen 10. februar 2013. Henta 17. juni 2014. .
  3. 3,0 3,1 le Strange, 1890, s.380.
  4. 4,0 4,1 4,2 Ball, 2000, s.157
  5. «Ras Ziyarah», tyder, «Vitjingsneset (Ziyarah
  6. "Prostar Sailing Directions 2005 Eastern Mediterranean Enroute», s. 38
  7. 7,0 7,1 7,2 Ring, 1994, s.451
  8. Strabon (1857), The Geography of Strabon, s. 164, ISBN 0-521-85306-0 
  9. 9,0 9,1 9,2 Ring, 1994, s. 451–452
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 Ring, 1994, s.453
  11. le Strange, 1890, s.35-36.
  12. Riley-Smith, 2005, s.50
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 Ring, 1994, s.454
  14. Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.490.
  15. al-Dimashqi sitert i le Strange, 1890, s.491.
  16. The adventures of Ibn Battuta, a Muslim traveler of the fourteenth century av Ross E. Dunn, Universitetet i California Press. s.137.
  17. Dumper, 2007, s.84
  18. Rabinovich, 1979, s.694
  19. 19,0 19,1 19,2 Ring, 1994, s.455
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Latakia. (2009). In Encyclopædia Britannica. Henta 16. juni 2014, from Encyclopædia Britannica Online.
  21. Podeh 1999, s. 43
  22. Maʻoz, 1986, s.58
  23. Betts, Richard K. (1982), Cruise Missile: Technology, Strategy and Politics, Brookings Institution Press, s. 381, ISBN 0-8157-0931-5 
  24. «Syrian 'warships shell port city of Latakia'». Al Jazeera. 14 Aug 2011. 
  25. Russian military presence in Syria poses challenge to US-led intervention The Guardian, 2012-12-23.
  26. Distance Between Mai syrisk Cities, HomsOnline, 16. mai 2008, henta 16. juni 2014 
  27. Syria, cityfolketal.de, 2008, henta 16. juni 2014 [daud lenkje]
  28. Provinces of Syria, Statoids, 2005, henta 16. juni 2014 
  29. http://www.hydrol-earth-syst-sci.net/11/1633/2007/hess-11-1633-2007.pdf
  30. World Weather Information Service - Latakia, World Meteorological Organization, 2009, henta 2. mars 2009 
  31. «Climatological Information for Latakia i Syria». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 20. mars 2012. Henta 18. oktober 2013. 
  32. 32,0 32,1 Society of Arts (Great Britain), 1906, s. 556.
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 33,5 33,6 Winckler, 1998, s.72.
  34. 34,0 34,1 Minahan, 2002, s. 79.
  35. Dumper, 2007, s. 126-127.
  36. 36,0 36,1 36,2 Latakia Arkivert 2009-01-05 ved Wayback Machine. Come to Syria.
  37. Fahlbusch and Bromiley, 2008, s.279.
  38. amerikansk Board of Commissioners for Foreign Missions, 1825, s. 375.
  39. The Armenaian Prelacy in Aleppo, Periotem, arkivert frå originalen 25. desember 2013, henta 16. juni 2014 
  40. Latakia:Unofficial Refugee Camp, UNRWA, 30. juni 2002, henta 16. juni 2014 
  41. Minahan, 2002, s. 80.
  42. Emerging Syria 2006, s.67
  43. Carter, 2004, s.146.
  44. 44,0 44,1 44,2 Mannheim, 2001, s.290-291.
  45. 45,0 45,1 A Tale of Two Latakias, G. L. Pease Tobaccos, 2008, henta 16. juni 2014 
  46. انطلاق مهرجان المحبة تحت شعار «سورية باب الجنة", Syria Ministry of Culture, henta 16. juni 2014 
  47. 47,0 47,1 Lattakia: Arts and Culture, Latakia city government, arkivert frå originalen 20. februar 2012, henta 16. juni 2014 
  48. Carter, 2008, s.146.
  49. Historical Sites of Latakia Arkivert 2006-03-29 ved Archive.is Syria Gate.
  50. Teshrin SC Arkivert 2013-10-07 ved Wayback Machine. Welt Fussball Archive.
  51. Al-Hutteen SC Arkivert 2013-10-07 ved Wayback Machine. Welt Fussball Archive.
  52. 52,0 52,1 Latakia Sports City Arkivert 2010-06-19 ved Wayback Machine. Archnet Digital Library.
  53. 53,0 53,1 53,2 arkivkopi, arkivert frå originalen 8. januar 2009, henta 17. juni 2014 
  54. AHMED FAWAZ La rencontre entre le Président et son second remonte à la fin des années quarante, sur les bancs du lycée Jules Jammal, dans la ville côtière de Lattaquié. Tous deux étaient membres du parti Baas. Cette rencontre n'était Le Nouvel Afrique Asie page 23
  55. Description of the East, vol. ii. s. 197.
  56. Lattakia: City services_Health, Latakia city government, arkivert frå originalen 20. februar 2012, henta 16. juni 2014 
  57. Mannehim, 2001, s.284.
  58. Carter, 2004, s.144.
  59. 59,0 59,1 Transport, Latakia-city.gov.sy, 2008, arkivert frå originalen 6. oktober 2011, henta 16. juni 2014 
  60. Mersin, Latakia become sister cities tyrkisk Daily News. 2008-01-21.
  61. Highlights of the syrisk-Jemeni Supreme Committee meeting
  62. «The Syrian-Iranian Joint Supreme Committee meetings (arabisk)». Alwehda Publications. 8. mars 2009. Henta 30. november 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lattakia