Ramnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

For fuglen av same namn, sjå ramn.


Ramnen
Ramnen
Latinsk namn Corvus
Forkorting Crv
Genitivsform Corvi
Symbologi tenar for Apollon
Rektasensjon 12 h
Deklinasjon −20°
Areal 184 kvadratgrader
nr. 70 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Gienah (2,59. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +60° og −90°

Ramnen (frå latin Corvus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Biletet har berre 11 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 4,02). Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av Klaudios Ptolemaios, som berre talde sju stjerner og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Ramnen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Fire av stjernene, δ, γ, ε og β Crv dannar ein asterisme.[1] or "the Sail».[2][3]

Dei fire mest lyssterke stjernene i Ramnen er stort sett lite merkverdige. Alfa Corvi, òg kalla Alchiba, er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,0, 40 lysår frå jorda. Beta Corvi er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,7, 146 lysår frå jorda. Gamma Corvi, òg kalla Gienah, er den mest lyssterke stjerna i Ramnen med storleiksklasse 2,6, 154 lysår frå jorda. Ho er ei blåkvit kjempestjerne. Delta Corvi, tradisjonelt kalla Algorab, er ei dobbeltstjerne. Det er mogeleg å sjå begge stjernene i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,9, 88 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei rosa stjerne med storleiksklasse 9.[4]

TT Corvi er ei halvregulær variabel raud kjempe med spektralklasse M3III og tilsynelatande storleik 6,48, kring 923 lysår unna.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nickel, J., (1999): Lift Up Your Eyes on High: Understanding the Stars, Christian Liberty Press, s. 53.
  2. Bakich, M. E., (1995): The Cambridge Guide to the Stjernebilete, Cambridge, Cambridge University Press, s. 21,22.
  3. Mullaney, J., (2007): The Herschel objects and how to observe them <Astronomers' Observing Guides>, Springer, s. 39.
  4. Ridpath & Tirion 2001, s. 128-130.
  5. Tabur & Bedding 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ramnen

Koordinatar: Sky map 12h 00m 00s, −20° 00′ 00″