Ramsay MacDonald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramsay MacDonald
J. Ramsay MacDonald LCCN2014715885 (cropped).jpg
Fødd12. oktober 1866
Lossiemouth
Død9. november 1937 (71 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet britiske arbeidarpartiet, National Labour Party
Yrkepolitikar, journalist, diplomat
InstitusjonarLondon School of Economics
Utdanna vedBirkbeck, University of London
MorAnne Ramsay
FarJohn MacDonald
EktefelleMargaret MacDonald
BarnMalcolm MacDonald, Ishbel MacDonald, David MacDonald, Sheila Lochhead, Alister MacDonald, Joan Margaret MacKinnon
MedlemRoyal Society

James Ramsay MacDonald (12. oktober 18669. november 1937) var statsminister i Storbritannia i ni månader i 1924 og frå 1929 til 1935. Han var den aller fyrste regjeringssjefen utgått frå Det britiske arbeidarpartiet. MacDonald var ein viktig politisk strateg for den britiske arbeidarrørsla og ein framifrå talar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

MacDonald var frå Lossiemouth i Skottland. Han var ein av tre sentrale aktørar då Det britiske arbeidarpartiet vart skipa i 1900, Keir Hardie og Arthur Henderson dei to andre. Frå 1906 representerte han Arbeidarpartiet i parlamentet, vald frå Leicester. Perioden 1911-14 var han parlamentarisk leiar for Arbeidarparti-gruppa. Som pasifist var han mot den britiske deltakinga i fyrste verdskrigen. Dette førte til at mista leiarposisjonen i partiet, og i 1918 vart han ikkje attvald til parlamentet. Frå hausten 1922 representerte han valkrinsen Aberavon i parlamentet og vart på ny parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet.

22. januar 1924 vart MacDonald leiar av ei mindretalsregjering, med støtte frå det liberale partiet. Etter parlamentsvalet hausten 1924 gjekk regjeringa hans av. Fem år seinare fekk Arbeidarpartiet den største partigruppa i parlamentet og MacDonald vart på ny statsminister. Den andre arbeidarparti-regjeringa vart sterkt prega av den store depresjonen og vart i 1931 splitta i synet på den økonomiske politikken. Oppmoda av kongen, danna MacDonald i august ei nasjonal samlingsregjering som ville gjennomføre utgiftskutt for å forsvare gullstandarden, ein politikk som vart forlaten etter ein streik i den britiske atlanterhavsflåten.

Frå 1931 til 1935 var MacDonald statsminister i ei samlingsregjering dominert av konservative statsrådar og støtta av berre nokre få Labour-medlemmer. MacDonald vart utvist frå Arbeidarpartiet, som kalla han ein svikar. Gjennom parlamentsvalet i oktober 1931 fekk samlingsregjeringa ein overveldande majoritet, Arbeidarpartiet vart redusert til kring 50 sete i Underhuset. Stendig sviktande helse leia til at han gjekk av som statsminister i 1935. I staden leidde han det viktige kongsrådet til han trekte seg tilbake i 1937, mindre enn eit halvår før han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ramsay MacDonald