Ramsbarden naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over naturreservata (rosa) i Gulen kommune og sørlege Solund.

Ramsbarden naturreservat er eit naturreservat i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Føremålet med fredinga er å bevara hekkande sjøfugl i øygarden i Sognesjøen. Arealet er 173 dekar, der 86 daa er landareal og 87 daa sjøareal.

Regjeringa vedtok i 1993 Verneplan for sjøfugl som gav 57 fuglereservat på i alt 11 km² langs kysten av Sogn og Fjordane.[1] Planen er basert på dei første verneforslaga frå 1977, vidare Stortingsmelding nr 68 (1980-81) Vern av norsk natur som fastslo målet om å verne eit representativt naturutval i Noreg, og første høyringsforslag om sjøfuglvern i Sogn og Fjordane frå 1984. Det blei i tida 1977-88 halde synfaring og utreidd 350 sjøfugllokalitetar i fylket. Forarbeidet i fylket sin delplan blei sendt ut på høyring i 1991 som Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane.[2] Hovudmålet er å verna hekkeplassar i fylket, med mål om å sikra hekkeplassar for halve bestanden av dei mest vanlege sjøfuglane, og heile bestanden av dei sjeldnaste hekkefuglane i fylket.

I Gulen kommune fekk Lihellene naturreservat og Kvernøyna naturreservat 2. prioritet, medan dei øvrige tre sjøfuglreservata fekk 3. prioritet som vernelokalitetar.[3]

Reglar for reservatet[endre | endre wikiteksten]

  • Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan skade eller forstyrre naturmiljøet.
  • Det er forbode å ferdast i området eller forstyrre fugl i hekkeperioden.
  • Der er våpen- og jaktforbod og bandtvang, og utsetting av vilt er forbode.
  • Ferdsel, camping, og oppankring nærare enn 50 meter er forbode.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sogn og Fjordane - Sjøfuglreservat - Miljøstatus.
  2. Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991.
  3. Verneplan for sjøfugl - delplan 5 Sogn og Fjordane - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1991, side 52.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]