Hopp til innhald

Ramses III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramses III

Føddca. 1217 f.Kr.
FødestadTheben
Dødca. 1155 f.Kr.
GravstadKV11
Gift medIset Ta-Hemdjert (Isis), Tiye, Tyti
Dynasti20. egyptiske dynasti
FarSethnakht
MorTiy-Merenese
BornRamses IV, Amun-her-khepeshef, Ramesses VI, Ramses VIII av Egypt, Khaemwaset, Meryatum II, Montuherkhepeshef, Pareherwenemef, Pentawer, Duatentopet, Meryamun (20th dynasty)

Ramses III var den andre faraoen i det 20. dynastiet i det gamle Egypt. Ein reknar med at han styrte frå rundt 1183/1182 til 1152/1151 f.Kr.[1] Han er rekna som den siste monarken av det nye riket i Egypt som utøvde ei form for betydeleg autoritet over riket sitt.

Under det lange styret hans gjekk den politiske og økonomiske makta til Egypt gjennom ein nedgang, knytt til ei rekkje invasjonar, mellom anna frå dei såkalla havfolka, og indre økonomiske problem. I eit stort kombinert lands- og sjøslag blei fienden, libyarar og dei allierte havfolka, slått tilbake. Ramses III hadde fått ein stor siger og stort krigsbytte, som blei nytta til å byggja ut tempelet i Medinet Habu. Ramses III hadde tapt opp arven etter den store, sigersrike forgjengaren sin Ramses II, og uttrykte det i ord og byggverk, men han klarte ikkje å hindra den økonomsike nedgangen; handelen og tributtutbetalingane var stoppa opp, utgiftene til leigesoldatane var vanskeleg å dekkja, og kanskje minska også gullproduksjonen i Nubia. I Teben streika arbeidarane då dei ikkje fekk matrasjonane sine, den fyrste dokumenterte streiken i historia.[2]

Ramses III var son av Setnakhte og dronning Tiy-Merenese. Den aldrande Ramses III fall til sist som offer for ei haremssamansverjing der han blei drepen gjennom ein konspirasjon leidd av ei av dei sekundære konene hans, Tiye, sonen hennar Pentawer, og ei gruppe personar i høgare stillingar.

Ramses III ofrar røykjelse, veggmåleri i grava KV11.

Dei to namna til Usermaatre Ramses er translittererte som wsr-mꜢʿt-rʿ–mry-ỉmn rʿ-ms-s–ḥḳꜢ-ỉwnw. Dei er vanlegvis forstått som Usermaatre-Meryamun Rameses-Heqaiunu i tydinga «Maat til Ra er sterk, elska av Amon, fødd av Ra, herskar av Heliopolis».

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Konstant krig

[endre | endre wikiteksten]

Det er funne ei skildring av kroninga hans ved tempelet hans i Medinet Habu. Der blir det sagt av fire duer blei sleppte laus og flaug «til dei fire hjørna av horisonten for å stadfesta den levande Horus, Ramses III (framleis) er på trona si, at føresegna til Maat er rådande i kosmos og i samfunnet.»[3][4]

Den lange perioden Ramses III var farao var prega av omliggjande politisk kaos i den austlege delen av Middelhavet og i Levanten. Egypt blei jamleg angripe av utanlandske hærstyrkar, inkludert libyarar og deira allierte, dei mystiske havfolka (ei nemning som blei skapt på 1800-talet på grunnlag av egyptiske inskripsjonar). Samtidig med den politiske uroa og dei stadige invasjonane, erfarte Egypt byrjinga på aukande økonomiske vanskar og indre strid som til sist førte ti at det tjuande dynastiet i Egypt braut saman. I år 8 av styret hans blei Egypt invadert av havfolka, inkludert grupper namngitt som Peleset, Denyen, Shardana, Meshwesj frå havet, og Tjekker som invaderte frå land og havet. Ramses III overvann dei i to store land- og sjøslag. Sjølv om egyptarane hadde eit omdømme som dårlige sjøfolk kjempa dei med stort uthald. Ramses hadde dekt kysten med rekkjer av bogeskyttarar som jamleg skaut mot fienden med piler då dei prøvde å gjera landgang ved breidda av Nilen. Deretter angreip egyptiske krigsskip som brukte gripande krokar for trekkja til seg skipet til fienden. I ein følgjande brutal nærkamp blei havfolka gjennomgåande overvunne. Harris-papyrusen hevda at:

«For dei som nådde grensene mine, sæden deira er ikkje, hjarta deira og sjelene deira er ferdige for alltid. For dei som kom saman over havet, den fulle flammen var framfor dei ved munningen av Nilen, medan ein barriere av lanser omgav dei ved kysten, brote ned på stranda, drepne, og stabla i haugar frå hovud til hale.»[5]

Ramses III hevda at han la under seg dei overlevande havfolka og busette dei i sørlege Kanaan, men det finst ingen handfaste bevis på at dette skjedde. Det er mogleg at han ikkje kunne hindra at dei gradvis busette seg langs kysten av Kanaan og såleis hevda at det var han som hadde gitt dei løyve til å busetja seg i dette området. Nærværet deira i Kanaan kan ha bidrege til skipinga av nye samfunn i denne regionen, som Filistia, folket som Det gamle testamentet omtalte som filistrar, etter at Egypt ikkje lenger greidde kontrollerte og utøva autoriteten sin i Kanaan.[6]

Ramses III blei også tvinga til å slå tilbake invasjonar frå libyarar i det vestlege Nildeltaet i minst to omgangar. Det skjedde i høvesvis i år 5 og år 11 av styret hans.[7]

Økonomisk uro

[endre | endre wikiteksten]
Statuar av Ramses III ved tempelet hans i Karnak.

Dei store kostnadene til desse slaga, inkludert leigesoldatar, utarma den egyptiske staten og bidrog til ein gradvis nedgang for riket i Midtausten. Alvoret i desse vanskane er understreka av det faktumet at den fyrste dokumenterte streiken i historia er nedteikna som å ha funne stad i år 29 av styret til Ramses III. Matrasjonane mangla for dei favoriserte og fremste kongelege gravbyggjarane og kunsthandverkarane i landsbyen Set Maat her imenty Waset (no kjend som Deir-el-Medineh).[8] Det var «noko» i lufta, kanskje nedfall frå vulkanen Hekla (Hekla 3-utbrotet), som hindra at sollyset nådde bakken og hindra vekst på trea i heile verda nesten to fulle tiår fram til 1140 f.Kr.[9] Resultatet i Egypt var ein stor auke i kornprisane under styra til seinare faraoar (Ramses VI–VII), medan prisane for fuglar og slavar heldt seg uendra.[10] Nedkjølinga av klimaet hadde innverknad på dei siste åra av styret til Ramses III og hemma moglegheita hans for å skaffa jamleg tilgang på kornrasjonar til arbeidarane i samfunnet Deir el-Medina.

Desse vanskane er fullstendig oversette i dei offisielle monumenta til Ramses. mange av dei prøvde å etterlikna dei til den berømte forgjengaren hans, Ramses II, og legg fram eit bilete av kontinuitet og stabilitet. Faraoen bygde viktige utvidingar av tempela ved Luxor og Karnak, og gravtempelet hans og det administrative komplekset ved Medinet Habu er blant dei største og best bevarte i Egypt.[11] Dei store festningsverka som blei bygga rundt Medinet Habu er vitne til til uvissa under styret til Ramses. Ikkje noko anna tempel i hjartet av Egypt før styret hans hadde hatt behov for liknande vern.

Konspirasjon og død

[endre | endre wikiteksten]
Sarkofag i raud granitt tilhøyrande Ramses III (Louvre)
Mumien til Ramses III.

Takka vera oppdaginga av domstolnedteikningane (papyrus datert til Ramses III) er det no kjent at det var ei samansverjing for å drepa Ramses III under ei feiring ved Medinet Habu. Det var ein konspirasjon i det kongelege haremet som var sett i gang av Tiye, ei av dei tre kjende konene hans (dei andre var Tyti og Iset Ta-Hemdjert), over kva son som skulle arva trona. Sonen til Tyti, Ramses Amonhirkhopshef (den framtidige Ramses IV), var den eldste og var vald ut som etterfølgjar av Ramses III sjølv, framfor den yngre sonen til Tiye, Pentaweret.

Dokumenta frå domstolen viser at mange enkeltindivid var involverte i samansverjinga.[12][13] Dei fremste blant dei var dronning Tiye og sonen hennar Pentaweret, Pebekkamen, som var kammersjefen til Ramses, sju kongelege myndepersonar, to administratorar av finansane; to faneberarar i hæren, to kongelege skrivarar og ein herold. Det er liten tvil om alle dei fremste deltakarane i samansverjinga blei avretta: nokre av dei dømde fekk høvet til å ta sitt eige liv (truleg ved gift) framfor å bli avretta.[14] Gravene til Tiye og Pentaweret blei plyndra og namna deira blei fjerna for å hindra dei frå å nyta etterlivet. Egyptarane gjorde eit slik gjennomgåande arbeid med dette at dei einaste referansane til dei er dokumenta til domstolen og restane av gravene deira.

Nokre av dei skulda haremskvinnene prøvde å forføra medlemmer av domstolen, men dette blei avslørt, og dommarane som hadde forbrote seg blei hardt straffa.[15]

Det er usikkert om samansverjinga lykkast. Ramses IV, den utpeikte etterfølgjaren, tok over som farao då Ramses III døyddde framfor Pentaweret, den som var meint å overta trona i samansverjinga. Dessutan døydde Ramses III i sitt år 32, då han var gammal nok til å ha døydd ein naturleg død. Liket av Ramses III hadde ingen openberre sår eller skader, men ei nyare undersøking av mumien hans av eit tysk rettsmedisinsk team, vist i dokumentaren Mummy King Mystery på TV-kanalen Science Channel i 2011, fann omfattande bandasjar rundt nakken.[15] Ei etterfølgjande CT-skanning som blei utført i Egypt av Ashraf Selim og Sahar Saleem, professorar i radiologi ved Universitetet i Kairo, avslørte at under bandasjane var det eit djupt sår frå eit knivstikk som var skore på tvers over strupen, djupt nok til å ha skadd ryggvirvelen. <i id="mwdg">British Medical Journal</i> for desember 2012 siterte konklusjonen av ei undersøking utført av ei gruppe egyptiske forskarar, formelt leidd av Zahi Hawass, saman med Institutt for mumiestudium ved Eurac Research i Bolzano, sistnemnde har ansvaret for ismannen Ötzi.[16] Desse konkluderte med at det var hovudsakleg sannsynleg at samansverjinga lykkast med å drepa farao Ramses III ved å skjera over strupen hans.[17][18]

Ei vidare undersøking av CT-skanninga viste at stortåa på venstre fot var hoggen av med ein skarp reiskap, som ei øks. Det var ingen teikn på at dette såret var lækt, og det må derfor ha skjedd kort tid før døden. Dei som balsamerte likte plasserte eit proteseliknande objekt på staden til den amputerte tåa. Det blei også lagt ved seks amulettar ved både føtene og anklane for magisk helsebot i etterlivet. Skaden på foten stadfestar at faraoen blei utsett av eit attentat, inkludert ved fleire individ og med ulike våpen.[19] Det er også mogleg at dei som utførte attentatet kan ha støtta seg på magi, og nytta gift då mumien hans også hadde ein amulett for å verna Ramses III i etterlivet mot slangar.[20] Blant konspiratørane var dei som blei kalla for slangen og slangeherren, i tillegg til ein tenar som hadde ansvaret for maten og drikken til faraoen.

Undersøkinga konkluderte også med at mumien av ein ukjend mann som var gravlagd saman med Ramses var ein god kandidat for faraosonen Pentaweret, men det var ikkje mogleg å avgjera dødsårsaka til denne. Begge mumiane delte den same haplogruppa for Y-kromosom, E1b1a, og delte femti prosent genetisk materiale, noko som peikar mot eit far-sønn forhold.[21]

Dei som stod bak haremskonspirasjonen, som han er blitt heitande, lykkast dermed tydelegvis i å drepa farao, men greidde ikkje å hindra at den utpeika etterfølgjaren blei innsett på krona, Ramses IV. Det er mogleg at Ramses III hadde vore i tvil om den eldste sonen ville lykkast å etterfølgja han då Harris-papyrusen viser at han bønnfall Amon om å verna rettane til sonen.[22]

Arv og ettermæle

[endre | endre wikiteksten]
Tempelet til Ramses III ved Medinet Habu.

Ramses byrja ombygginga av Khonsu-tempelet i Karnak frå fundamentet av eit tidlegare tempel til Amenhotep III og fullførte tempelet i Medinet Habu i år 12 av styret sitt.[23] Han dekorerte tempelmurane i Medinet Habu med scener frå lands- og sjøslaget sitt mot havfolka. Dette monumentet står i dag som eit av dei best bevarte tempela i det nye riket.[23]

Mumien til Ramses III blei oppdaga av oldtidssamlarar i 1886 og er rekna som den prototypiske egyptiske mumien i talrike hollywoodfilmer.[24] Grava hans (KV11) er ei av dei største i Kongedalen.

Strid om kronologi

[endre | endre wikiteksten]
Ramses III-hovud frå ein statue som stod i Karnak. Det er no stilt ut ved Museum of Fine Arts i Boston.

Det er ei uvisse om dei nøyaktige datoane for styret til Ramses III. Denne uvissa påverkar dateringa av overgangen til sein bronsealder-jernalder i Levanten. Overgangen er definert av funn av keramikk av typen Mykensk LH IIIC:1b (filistisk) ved kysten av Palestina, generelt anteke å svara til busetjingar av havfolka der frå år 8 av styret til Ramses III.[25] Radiokarbondatering og andre eksterne bevis har plassert denne overgangen til så seint som 1100 f.Kr., samanlikna med den konvensjonelle dateringa til ca. 1179 f.Kr.[26]

Nokre forskarar har prøvd å etablera eit kronologisk punkt for styret til Ramses III til 1159 f.Kr., basert på ei datering på 1999 for vulkanutbrotet frå Hekla (Hekla 3-utbrotet) på Island. Ettersom samtidige notat viser at farao hadde vanskar med å skaffa matforsyningar til arbeidarane sine ved Deir-el-Medineh i år 29 av styret sitt, kan denne dateringa til Hekla 3-utbrotet knytast til hans år 28 eller 29 til ca. 1159 f.Kr.[10] Ei mindre usemje på eit år er mogleg ettersom kornlagera i Egypt kan ha hatt reservar for å handtera minst eitt dårleg år med dårleg haust som følgje av byrjinga på katastrofen. Dette antydar at styret til faraoen kan ha enda berre tre eller fire år seinare, rundt 1156 eller 1155 f.Kr. Ei undersøking frå 2002 som nytta svært presis radiokarbondatering ved torvavsetjing som inneheldt oskelag noko som plasserte Hekla 3-utbrotet innanfor tidsrommet 1087–1006 f.Kr.[27] Gitt at ingen egyptolog er villig å datera styret til Ramses III så seint som 1000 f.Kr. vil det innebera at Hekla 3-utbrotet truleg skjedde etter styret til Ramses III. Dateringane som forskarane har komme fram til er resultatet av berekningar. Den generelt aksepterte dateringa er frå ca. 1183/1182 til 1152/1151 f.Kr.[1]

  1. 1,0 1,1 Ulike kilder oppgir ulike datoer; denne er i henhold til Schultz, Regine; Seidel, Matthias, red. (2007): Egypt. Faraoenes verden, Spektrum, s. 528; og «Ramesses III (about 1183/82-1152/51 BC)», University College London, 2000
  2. Schultz, Regine; Seidel, Matthias, red. (2007): Egypt. Faraoenes verden, Spektrum, s. 151
  3. Murnane, W.J. (1980): United with Eternity: A Concise Guide to the Monuments of Medinet Habu, Oriental Institute, Chicago / American University in Cairo Press, s. 38
  4. Lambert, Wilfred G.; George, A.R.; Finkel, Irving L. (2000): Wisdom, Gods and Literature: Studies in Assyriology in Honour of W.G. Lambert, Eisenbrauns, ISBN 978-1-57506-004-0, s. 384–.
  5. Hasel, Michael G. (2003): «Merenptah's Inscription and Reliefs and the Origin of Israel», i: Hakhai, Beth Albprt, red.: The Near East in the Southwest: Essays in Honor of William G. Dever, The Annual of the American Schools of Oriental Research, 58; siterer fra Edgerton, W.F.; Wilson, John A. (1936): Historical Records of Ramses III, the Texts in Medinet Habu, Volumes I and II. Studies in Ancient Oriental Civilization 12. Chicago: The Oriental Institute of the University of Chicago.
  6. Dothan, Trude Krakauer (1982): The Philistines and Their Material Culture, New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 0-300-02258-1.
  7. Bonfante, G. (1946): «Who were the Philistines?», American Journal of Archaeology, 50, s. 251-262.
  8. Edgerton, William F. (juli 1951): «The Strikes in Ramses III's Twenty-Ninth Year», JNES 10 (3), s. 137-145
  9. «Hekla», Global Volcanism Program. Smithsonian Institution.
  10. 10,0 10,1 Yurco, Frank J. (1999): «End of the Late Bronze Age and Other Crisis Periods: A Volcanic Cause» i: Teeter, Emily; Larson, John, red.: Gold of Praise: Studies on Ancient Egypt in Honor of Edward F. Wente, SAOC 58, s. 456-458
  11. «Medinet Habu», Ancient Egypt and Archaeology
  12. Breasted, James Henry (1906): Ancient Records of Egypt, Part Four (PDF), §§423-456, University of Chicago Press
  13. Breasted, James Henry (1906): Ancient Records of Egypt, Part Four, §§416-417
  14. Tyldesley, Joyce (2006): Chronicle of the Queens of Egypt, Thames & Hudson, s. 170
  15. 15,0 15,1 Edwards, I.E.S. et al, red. (2000): Cambridge Ancient History, bind 1, del 2, Cambridge University Press, s. 247
  16. Vergano, Dan (12. desember 2012): «Egyptologist: Ramses III assassinated in coup attempt», USA Today,
  17. Roberts, Michelle (18. desember 2012): King Ramesses III's throat was slit, analysis reveals, BBC
  18. Hawass, Ismail; Selim, Saleem et al. (17. desember 2012): "Revisiting the harem conspiracy and death of Ramesses III: anthropological, forensic, radiological, and genetic study", British Medical Journal 2012
  19. «Pharaoh Ramesses III Killed by Multiple Assailants, Radiologist Says», Live Science.
  20. Breasted, James Henry (1906): Ancient Records of Egypt, s. 454-456
  21. Hawass, Zahi; et al. (2012): «Revisiting the harem conspiracy and death of Ramesses III: anthropological, forensic, radiological, and genetic study» (PDF). BMJ. 345 (e8268).
  22. Breasted, James Henry (1906): Ancient Records of Egypt, §246
  23. 23,0 23,1 Van Dijk, Jacobus (2002): «The Amarna Period and the later New Kingdom» i: Shaw, Ian, red.: The Oxford History of Ancient Egypt, Oxford University Press, s. 305
  24. Brier, Bob (1998): The Encyclopedia of Mummies, Checkmark Books,.s. 154
  25. Mazar, Amihai (1985): «The emergence of the Philistine material culture», Israel Exploration Journal. 35 (2/3): 95–107. JSTOR 27925978.
  26. Hagens, Graham (2006): «Testing the Limits: Radiocarbon dating and the end of the Late Bronze Age», Radiocarbon. 48 (1), s. 83–100.
  27. Van Den Bogaard, C.; Dörfler, W.; Glos, R.; Nadeau, M. J. E.; Grootes, P. M.; Erlenkeuser, H. (2002): «Two Tephra Layers Bracketing Late Holocene Paleoecological Changes in Northern Germany», Quaternary Research. 57 (3), s. 314. doi:10.1006/qres.2002.2325.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Cline, Eric H.; O'Connor, David, red. (2012): Ramesses III: The Life and Times of Egypt's Last Hero, University of Michigan Press.
  • Schultz, Regine; Seidel, Matthias, red. (2007): Egypt. Faraoenes verden, Spektrum.