Ramsgrø i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramsgrø
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 15[2][3]

Ramsgrø er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 15.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ramsgrø ligg ved Ramsgrøvatnet og tunet ligg på vestsida.[3] Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går mellom vatnet og tunet. Garden grensar til Trøsdalen i vest, til Ulvika, Vassenden og Øn i sør, til Hydalen i aust og til Liane og Horne i nord.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden har heile tida vore einbølt. På slutten av 1800-talet var det ein husmannsplass kalla Indre Ramsgrø under garden. Han vart fråflytt grunna steinsprang.[3]

I 1919 vart Ramsgrø bedehus (Hornedalen bedehus) sett opp på garden.[4]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Fyrstelekkjen «rams» kjem av planta ramsløk, medan andrelekkjen tyder 'ein grøn stad mellom fjell', eller å spire, gro.[3]

I kjeldene er namnet skrive «Ramßgrødt» (1603 og 1608), «Ramßgrøe» (1667) og «Ramsgrøe» (1723).[5]

Ramsgrø er brukt som gardsnamn også i Kvinnherad kommune, dessutan er det brukt som stadnamn fleire andre stader i landet, mellom anna på eit bruk under garden Flatabø inst i Fyksesund i Kvam herad.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Ramsgrø» i 1986.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 4. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 4. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Ramsgrø : Gnr. 15». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 126. ISBN 8299219817. 
  4. «Per Bygnes: «Ramsgrø bedehus»».  Vitja 4. desember 2010
  5. «Oluf Rygh: «Ramsgrø» i Norske Gaardnavne». 
  6. «yr.no».  Vitja 4. desember 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]