Ramslauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ramslauk
Ramslauk
Ramslauk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Ramslauk A. ursinum
Vitskapleg namn
Allium ursinum

Ramslauk (Allium ursinum) eller bjørnelauk er ein plante i laukslekta i påskeliljefamilien som veks vilt i Noreg. Han veks helst i skuggefull lauvskog langs kysten. For å få nytte ut lyset i skogbotnen startar veksten tidleg om våren. Plantane visnar gjerne tidleg då det om sommaren vert lite lys i skogen.

Blomane er samla i ein stor rund skjerm på toppen av stengelen. Dei er kvite med seks spisse kronblad. Lauken er samansett av berre to blad. Dei held fram å vekse over jorda. Dei får lang stilk. Blada har sterkare grønfarge enn andre laukplanter. Den runde frukta har seks frø.

Tradisjonelt har ramslauken vorte lite brukt. I seinare tid vert han, tilliks med andre laukplanter, brukt til å setje smak på matrettar.

Ramslauken har gitt namn til mange lokale stader. Planten har vore godt kjend fordi han set smak på mjølka når dyr, kyr og geiter, et han under beiting. Det kan føre til av mjølka må kasserast.

Ein kjenner til at ramslauk har vorte brukt mot innvolsorm hjå folk og dyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ramslauk