Rana kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°18′9.94″N 14°15′37.48″E

Rana kraftverk
Foto: PeltonMan

Rana kraftverk er eit vasskraftverk ved Mo i Rana i Rana kommune i Nordland fylke.

Kraftveket nyttar fallet frå inntaksmagasinet Storakersvatnet til Ranelva. Storakersvatnet er regulert mellom 523 til 480 moh.

Det vert overført vatn frå magasina Kallvatnet (reguleringshøgde 564-521 moh), Grasvatnet (595-592) og Kjennsvatnan (527-520 moh). I tillegg hentes det vatn frå tre bekkeinntak i fjellet ved Okstindbreen.

Randalsjølva, Andfjellbekken, Daudmannsjølva, Blerekelva, Virvassjølva vert òg overførte til kraftverket gjennom lange tunnelar.

Vatnet i Tverrvatnet vert pumpa opp til Akersvatnet i Tverrvatnet pumpestasjon.

Kraftverket starta produksjonen i 1968 og er utvida ved fleire seinare høve.

Det er installert fire Francisturbinar på totalt 500 MW. Middels årsproduksjon er på 1975 GWh og kraftverket er det største i Nord-Noreg målt i produksjon.

Eigar har fått konsesjon til å byggje kraftverk i tilknyting til overføringstunnelen mellom Grasvatnet og Kjensvatnet.

Eigar er Statkraft. 65 % av produksjonen er utleigd på ein 15 års avtale til det finske selskapet Etalä-Pohjanmaan Voima Oy og Kymppivoima Tuatanto Oy.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]