Randsfjord Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Randsfjord Glassverk var eit norsk glasverk. Det vart kjøpt opp av Hadeland Glassverk i 1997.

Prøvedrifta ved Randsfjord Glassverk starta i januar 1950. Glasverket hadde eit moderne sliperi som utførte mønstersliping og gravyr. 1. oktober 1950 brann glasverket ned, truleg på grunn av lekkasje i eit oljerøyr. 21. januar 1952 var arbeidet i gang att.

Glasverket hadde ein høg produksjon, men sleit økonomisk fram til Benny Motzfeldt vart tilsett i 1967. Randsfjord Glassverk var dermed i stand til å gjere ei omfattande modernisering. Jonny Hansen tok over drifta 1. oktober 1980 og dreiv det fram til det vart seld. I 1982 hadde glasverket 35 tilsette, og hovudmarknaden var premiar til idrettskonkurransar. Fleire snøfattige vintrar på slutten av 1980-talet førte til svikt i premiesalet, og i mai 1990 gjekk styret til skifteretten og bad om å bli slått konkurs. Det lykkast likevel å føre drifta vidare under namnet Randsfjord Glass.

I 1997 blei Randsfjord Glass kjøpt opp av Hadeland Glassverk og fire år seinare blei produksjonen overført dit.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]