Randvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygda Randvik, tatt fra Appelsinhaugen. Foto: Andreas Ausland

Randvik er ein del av tettstaden Risør i Risør kommune. Grenda oppstod på 1960-talet då kommunen begynte å byggje på Randvikheia og i Randvikskauen. Randvik består elles av tre gardar som ligg på Randvik og på Randvikheia.

Skulen[endre | endre wikiteksten]

  • Risør barneskule. (1.-7. kl.) Skulen ligg på Kjempesteinsmyra. Skulen har mykje flott natur og mykje leikeområde for ungane. I 2011 begynte skulen med haustmarknad på skulen. Det blei ein suksess. Dei samla inn pengar til TV-aksjonen på NRK. Skulen har SFO og det går om lag 400 elevar der. Rektor ved skulen er Erik Hjelmberg.
  • Risør ungdomsskule. (8.-10. kl.) Skulen ligg ved sida av barneskulen på Kjempesteinsmyra på Randvik. Der går alle ungdomane frå Søndeled skule, Risør barneskule og Hope skule. 10. klasse er kvart år på Polen-tur med Aktive Fredsreiser. Der får dei sjå ting frå krigen. Rektor ved skulen er Anne Synnøve Drage.

Barnehagar[endre | endre wikiteksten]

På Randvik ligg det tre barnehagar. Lekestottet barnehage og Amandus barnehage ligg nede på gardane og Randvik barnehage ligg ved Kjempesteinsmyra, ved skulen.

Nærbutikken[endre | endre wikiteksten]

Rimi Randvik er nærbutikken på Randvik og ligg rett ved sida av skulen. Det har vore butikk der sidan 1990-talet.

Kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Frydendal kyrkje er kyrkja som folket Randvik høyrer til. Kyrkja eller "Kjerka" ligg på garden Grundesund grunn. Det ligg nedanfor Randvik på veg ned til Risør.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Randvik har mykje natur, med mykje skau og hei, men au sjø, strand og båtliv. Randvik har austre og vestre Randvikstranda som ligg på kvar si side av Lekestottet barnehage (garden Randvik). Bygda har mange fiskeplassar på Ytre Randvik. Det går mange stiar frå Randvik til både Risør (Flisvika) og Åmland (Fransåsen).

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Konvoibyen - På Randvik blei det på 1960-talet bygd bustader i eit område som vert kalla Konvoibyen. Der bur det krigsseglarar og sjømenn. Erik Bye m.fl. kom på opninga av Konvoibyen i 1968. Konvoibyen ligg ved sida av butikken "Rimi Randvik". Per 2012/2013 er det snakk om at Stiftelsen skal leggjast ned og at bustadene skal seljast.
  • Randvikstranda - Nede ved gardane på Randvik ligg Østre og Vestre Randvikstranda. Den østre ligg mot Risør og den vestre ligg ved Sandnesfjorden. Dei er begge kommunale.
  • Ytre Randvik - Naturen på Ytre Randvik er eit Naturreservat og det ligg så å seie "uttaskjærs".
  • Appelsinhaugen - Appelsinhaugen er ein gamal stoppeplass for skigåarar frå Risør. No ligg han midt mellom bustader, men det er både benker og god utsikt og det er friområde. Ein køyrer frå butikken, mot Randvikbakken, til ein kjem til Ørneveien. Der stoppar ein ved eit grønt skilt som det står friområde på. Soga om Appelsinhaugen er at svoltne skigåarar og andre gåande frå Risør stoppa der og åt ein appelsin.

Kjende folk frå Randvik[endre | endre wikiteksten]

  • Erik Mykland - fotballspelar for Start, oppvaksen i Terneveien.