Randy Kerber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randy Kerber
Fødd25. september 1958 (64 år)
FødestadEncino
OpphavUSA
Instrumentpiano, Klaviatur
Verka somkomponist, pianist

Randy Kerber (fødd 25. september 1958) er ein USA-amerikansk komponist, orkestrator og klaverspelar,[1] som hadde ein aktiv karriere innan filmmusikk.[2]

Den første nasjonale turneen hans var med Bette Midler i 1977, 19 år gammal. Kerber vart nominert til Oscarprisen i 1986, i lag med mellom andre Quincy Jones, for beste filmmusikk for filmen Purpurfargen. Han vart òg nominert til Grammyprisen for arrangementet sitt på «Over the Rainbow» for Barbra Streisand.

Som studiomusikar har Kerber spelt klaverinstrument på over 800 filmar, som Titanic, A Beautiful Mind og dei første tre første Harry Potter-filmane. Pianoet i opninga og avslutninga av Forrest Gump, der ein kan sjå ei fjør sin flyg i vinden, vert spelt av Kerber.

Han har òg spelt med ei heil rekkje artistar, som Michael Jackson, Paul Anka, Leonard Cohen, Rickie Lee Jones, A.R. Rahman, Whitney Houston, Michael Bolton, Rod Stewart, B.B. King, Bill Medley, Annie Lennox, Art Garfunkel, José Feliciano, Anastacia, Celine Dion, Natalie Cole, Al Jarreau, Ray Charles, Neil Diamond, Elisa, Julio Iglesias, Barry Manilow, Don Ellis, Ricky Martin, Bette Midler, Corey Hart, Eric Burdon, Kenny Rogers, Donna Summer, George Benson, Diana Ross, Marta Sanchez, Frank Sinatra, Jean-Yves Thibaudet og Dionne Warwick, i tillegg til grupper som Air Supply, America, Def Leppard, The Temptations, Manhattan Transfer, Lisa Stansfield og The Three Degrees.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Season 1». Dilijan chamber music series. Lark Musical Society. 2005–2006. Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 14. oktober 2020. 
  2. See Randy Kerber at the IMDb