Randy Matson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Randy Matson


Statsborgarskap USA
Fødd 5. mars 1945 (79 år)
Kilgore
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

James Randel Matson, kjend som Randy Matson, (fødd 5. mars 1945) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pampa i delstaten Texas som vart olympisk meister i kulestøyt i 1968, fire år etter han vann sølvmedaljen i øvinga i Tokyo-OL. Gjennom seks rake sesongar, 1965-70, var han verdas beste kulestøytar. I løpet av si tid som aktiv støytte han over 21 meter i 12 ulike tevlingar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Matson sette i slutten av april 1964 personleg rekord med eit støyt på 19,53 m, noko som plasserte han på tredjeplass på verdsstatistikken etter Dallas Long og Bill Nieder. Ei veke seinare forbetra Matson persen sin til 19,77 m, før han i juni månad vann OL-kvalfiseringa med 19,78 m. I august auka han til 19,95 m i Long Beach. Under sommarleikane i Tokyo 1964 forbetra han seg ytterlegare og tok sølvmedaljen med 20,20 m, bak landsmannen Dallas Long.

Den 9. april 1965 i College Station tok Matson over som verdsrekordhaldar i kulestøyting, med 20,70 m sletta han Longs knapt års gamle rekord på 20,68 m. Tre veker seinare, den 30. april, vart han i Austin i Texas den fyrste som støytte kula over 21 meter, då kula i den andre omgangen av tevlinga landa på 21,05 m. Åtte dagar etter var han tilbake i College Station, der han forbetra rekorden til fyrst 21,33 m, for så å støyte 21,52 m. Dermed hadde han i løpet av tre veker forbetra verdsrekorden med heile 84 centimeter.

Den 23. april 1967 forbetra Matson verdsrekorden til 21,78 meter, atter ein gong i College Station. To månader seinare støytte han ikkje lengre enn 19,83 m, men vann likevel kule-tevlinga i panamerika-leikane i Winnipeg i Canada.

Også i OL-sesongen 1968 var Matson verdas klart beste kulestøytar, noko han viste då han 27. april i Walnut stod for årsbeste med 21,30 m og nær eit halvt år seinare vart olympisk meister i Mexico-byen med eit støyt som målte 20,54 m, framfor landsmannen George Woods som nådde 20,12 m, Matson støytte elles 20,68 m og sette olympisk rekord i kvalfiseringa.

Matsons aller beste serie hadde han i Berkeley den 30. mai 1970. Etter å ha opna med 21,18 m, heldt han fram med 20,75 – 21,25 – 21,75 – 20,94 – 20,97. Samtlege seks støyt var lengre enn det andremann i verda i det året, Hartmut Briesenick, oppnådde då han i slutten av august på Stockholm stadion vann europacupfinalen og sette personleg rekord med 20,55 m. I 1971-sesongen vart Matson målt til 20,93 m i si beste tevling for året, men måtte sjå seg overgått på årsbestestatistikken av to austtyskarar. Matson vart USA-meister 1972 med 21,19 m, men med 20,57 m enda han berre som fjerdemann i OL-uttakinga. Dermed glapp OL-billletten og han reduserte satsinga på toppidretten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]