Randy Newman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Randy Newman i 2008

Randall Stuart «Randy» Newman (fødd 26. november 1943 i Los Angeles) er ein Oscar-vinnande amerikansk songar, pianist og låtskrivar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Pianisten Randy Newman er utdanna innan klassiske musikk. Han byrja på midten av 60-talet med å skrive songar for andre artistar, mellom dei Judy Collins og Alan Price. Han platedebuterte i 1968 med den klassiskinspirerte Randy Newman Creates Something New Under the Sun. Plata vart omfamna av kritikarar og musikkintellektuelle, men oversett av det store publikummet. Året etter gav han ut antitesa til debutplata, den røffe og countryinspirerte 12 Songs. Igjen jubla kritikarabe, men platesalet var svært skuffande. Same år spelte Harry Nilsson og Newman inn den sterke plata Nilsson Sings Newman. Newman fekk den første kommersielle oppturen sin med Sail Away (1973). Plata vert rekna som Newmans meisterverk[treng kjelde], der han kombinerer det klassiske frå debutplata med det røffe frå 12 Songs. Utover 70-talet gav han ut svært sterke plater, som vart oversett av publikum.[treng kjelde] På 70-talet fekk Newman hjelp av drivne musikarar, til dømes Ry Cooder, The Eagles, Toto, Jim Keltner og Klaus Voormann.

Short People[endre | endre wikiteksten]

I 1977 fekk Newman sin første og einaste hitlåt, «Short People», henta frå albumet Little Criminals. Songen vert sungen i «eg-form» og handlar om ein mann som hatar kortvoksne menneske. Det heile var eit humoristisk spark mot intoleranse og rasisme, men ironien nådde ikkje fram til alle. Spøk vart til alvor då Newman vart truga på livet.

1980 og framover[endre | endre wikiteksten]

Newman gav ut to plater på 80-talet: Trouble In Paradise (1983) og Land Of Dreams (1988). På sistnemnde fekk han hjelp av Dire Straits. I 1985 var han med å å skrive filmen The Three Amigos (med Chevy Chase, Steve Martin og Martin Short). Sommaren 1999 gav han ut Bad Lóve som - lik alle platene til Newman - vart svært kritikarrost. I 2008 kom den førebels siste utgjevinga hans Harps and Angels. Randy Newman i dag vert rekna som ein av pop-rocken sin sanne originalar[treng kjelde], og nyt stor respekt frå blant andre Paul McCartney og Brian Wilson. Han har tilnamnet «Rocken sin Mark Twain».

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Newman tener svært lite pengar på soloplatene sine [treng kjelde]. Hans største inntektskjelde er dei mange filmmusikkplatene han har laga. Det er særleg samarbeida hans med Pixar/Disney som er lønsame, takka vere filmmusikken til Toy Story, Toy Story 2, Monsterbedriften, Småkryp og Biler. Andre filmar Newman har laga musikken til er Slekten er verst, The Awakenings, Cold Turkey, Performance, The Paper, Parenthood, Ragtime, The Three Amigos og Svigers er aller verst. I 2002 vann han Oscar (i konkurranse med Paul McCartney og Sting) for songen If I Didn't Have You frå Monsterbedriften. Før han vann, hadde Newman 15 tidlegare Oscar-nominasjonar.

Randy Newman i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • 8. mai 1978, Club7 i Oslo
  • 1. november 1979, Oslo Konserthus
  • 2. februar 1983, Oslo Konserthus
  • 7. februar 1989, Sardines i Oslo
  • 18. november 2008, Sentrum Scene i Oslo (Avlyst/utsett på ubestemt tid.)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Randy Newman Creates Something New Under The Sun (1968)
  • 12 Songs (1970)
  • Live (1971)
  • Sail Away (1972)
  • Good Old boys sine' (1974)
  • Little Criminals (1977)
  • Born Again (1979)
  • Trouble In Paradise (1983)
  • Land Of Dreams (1988)
  • Faust (1995)
  • Bad Lóve (1999)
  • The Randy Newman Songbook volume 1 (2003) (nyinnspillinger av tidlege utgjevne songar)
  • Harps and Angels (2008)

Filmmusikk av Randy Newman[endre | endre wikiteksten]