Randy Scruggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Randy Scruggs
Randy Scruggs (3988742891) (cropped).jpg
Scruggs i 2009
Fødd3. august 1953(1953-08-03)
FødestadNashville i USA
Død17. april 2018 (64 år)
FødenamnRandy Lynn Scruggs
OpphavUSA
Aktiv1970–2018
SjangerCountry
InstrumentGitar
Verka somMusikkprodusent, låtskrivar, musikar
MorLouise Scruggs
FarEarl Scruggs

Randy Lynn Scruggs (3. august 195317. april 2018) var ein USA-amerikansk musikkprodusent, låtskrivar og gitarist. Han deltok på den første innspelinga si 13 år gammal. Han har vunne Grammyprisen fire gonger og vart to gongar kåra til årets musikar av Country Music Association Awards. Han var son av Earl Scruggs.

Av songar Scruggs skreiv finn ein «We Danced Anyway», «Love Don't Care (Whose Heart It Breaks)», «Love Has No Right», «Don't Make It Easy for Me», «Chance of Lovin' You» og «Angel in Disguise».

Scruggs har arbeidd med mange artistar, som Michael Card, The Talbot Brothers, Waylon Jennings, George Strait og Emmylou Harris. Karrieren hans byrja i 1970 med utgjevinga av All the Way Home, eit samarbeid med storebroren Gary.

Scruggs døydde etter kort tids sjukdom 17. april 2018, 64 år gammal.[1][2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
All The Way Home (original tittel: Second Generation Scruggs)
The Scruggs Brothers
  • Artist: Gary and Randy Scruggs
  • Utgjeve: 1972
  • Selskap: Vanguard Records
Crown of Jewels

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Year Singel Listeplassering Album
US Country
[3]
1998 «It's Only Love» (med Mary Chapin Carpenter) 67 Crown of Jewels

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oermann, Robert (2018). «Award Winning Randy Scruggs Passes». MusicRow. Henta 24. oktober 2020. 
  2. Betts, Stephen L. (18. april 2018). «Randy Scruggs, Award-Winning Musikar and Songwriter, Dead at 64». Rolling Stone. ISSN 0035-791X. Henta 24. oktober 2020. 
  3. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 298. ISBN 978-0-89820-203-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Randy Scruggs