Ranelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ranelva
elv
Ranelva sett frå Selforsbrua
Nedslagsfelt 3 790 km²
Lengd 130 km
Kjelde Saltfjellet
Munning Ranfjorden
Kart
Ranelva
66°29′32″ N 15°14′15″ E
Wikimedia Commons: Ranelva

Ranelva er eit 130 km langt vassdrag i Rana, og ei av dei lengste elvane i Nordland. Elva har utspringet sitt på Saltfjellet, i grensetraktene mot Sverige, og går først i nordvestleg retning under namnet Randalselv (luesamisk Goabdesjåhkå). Ranelva er samløpet mellom Randalselva og Gubbeltåga. Elva renn hovudsakleg i vest-sørvestleg retning.

På veg sørvestover, tar vassdraget opp i seg Virvasselva frå sør. Strekninga mellom starten på Ranelva og staden der ho møter Virvasselva er kalla Ruovadajåhkå på lulesamisk.

Ved Storvoll møter ho sideelvane Bjøllåga, Tespa og Stormdalsåga frå nord, og Messingåga frå sør. Vassdraget held så fram i sørvestleg retning gjennom Dunderlandsdalen, der ho frå aust tar imot Grønfjellåga og Plura. Sørvest for Røssvoll møter Ranelva og Langvassåga frå Langvatnet kvarandre. Ved Selfors tar mottar ho Revelelva (som er utløpet til Tverråga). Ranelva munnar ut i Ranfjorden ved Fossetangen på Selfors.

Elva har eit nedbørsfelt på 3790 km². Før utbygginga av kraftverka i Reinforsen (1925) og Langvatn (1964) var nedbørsfeltet 3843 km².

Ranelva er ei populær elv for fritidsfiskarar og er rik på laks og aure. Ein av dei lengste laksetunnelane i Noreg (385 meter lang) ligg ved Reinforsen og stod ferdig i 1956.

I 1996, 2004 og 2005 vart Ranelva rotenonbehandla nedanfor Sjøforsen, for å kjempe emot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, som første gong vart påvist i 1975.

Biletegalleri[endre | endre wikiteksten]

Storvoll[endre | endre wikiteksten]

Illhøllia[endre | endre wikiteksten]

Reinforsen[endre | endre wikiteksten]

Selfors[endre | endre wikiteksten]

Fossetangen[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lars-Evan Petterson: Flomsonekartprosjektet Flomberegning for Ranelva (156.Z), Noregs vassdrags- og energidirektorat, Dokument nr 1, januar 2004, ISSN 1501-2840
  • Bevaringsgruppa, Rana: Ranaelva. Plan for fiskebevaringsarbeid og dødfiskoppsamling i forbindelse med rotenonbehandlingen 2003-04

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.