Ranger-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det fyrste biletet som ein vellukka Ranger-sonde returnerte. Det vart teke av Ranger 7 31. juli 1964
Ranger 7

Ranger-programmet var den fyrste freistnaden til USA på å ta nærbilete av yta til månen. Ranger-sondane var utforma til å fly rett ned mot måneyta medan dei tok bilete fram til dei slo ned i yta.

Kvar Ranger-sonde hadde seks kamera om bord. Kameraa var like med unnatak av skilnader i eksponeringstid, synsfelt, linser og avlesingstid. Bileta frå dei vellukka Ranger-sondane var betre enn jordbaserte bilete med ein faktor på 1000, og synte at det ville verta ei utfordring å finna ein jamn landingsstad for Apollo-programmet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ranger-programmet