Rangitoto

Koordinatar: 36°47′14″S 174°51′48″E / 36.78722°S 174.86333°E / -36.78722; 174.86333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rangitoto Island)
Rangitoto
øy
Rangitoto sett frå One Tree Hill.
Land  New Zealand
Areal 23,11 km²
Folketal 0
Kart
Rangitoto Island
36°47′12″S 174°51′36″E / 36.786742°S 174.860115°E / -36.786742; 174.860115
Rangitoto (merkt med raudt).
Rangitoto (merkt med raudt).
Rangitoto (merkt med raudt).
Wikimedia Commons: Rangitoto Island

Rangitoto (engelsk Rangitoto Island) er ei vulkansk øy i Haurakigolfen ved AucklandNew Zealand. Øya er eit kjent landemerke i Auckland, der den karakteristiske symmetriske 260 m høge toppen er synleg frå store delar av byen. Dette er den yngste og største av dei om lag 48 vulkanane som utgjer vulkanfeltet ved Auckland (The Auckland Volcanic Field). Øya vart danna etter ein serie vulkanutbrot som tok slutt for omkring 500 år sidan. Ein ventar ikkje nye utbrot her, sjølv om nye utbrot kan koma andre stader i vulkanfeltet. Toppen har eit imponerande sentralt krater.

maori tyder «Rangi» 'himmel', og «toto» 'blod', dette kan tyda på at øya fekk namnet sitt av maoriar som var vitne til utbrotet. Det fulle maorinamnet til Rangitoto er Nga Rangi-i-totongia-a Tama-te-kapua ('Dagane medan Tama-te-kapua blødde'). Tama-te-kapua var etter segna kaptein på arawakanoen som førte ein av maoristammane fram til New Zealand, og han vart stygt skada i kamp på øya.

Det er ferjeturar kvar dag til øya frå Auckland, men der er ikkje høve til overnatting på Rangitoto. Ein dagstur gir likevel rikeleg høve til å gå fram og attende til toppen der det er fin utsikt over byen og Waitematahamna. Eit alternativ til fottur er å ta eit «traktortog» frå ferja og opp under toppen. Då vert det berre eit kort stykke å gå til topps.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Fram til utpå 1970-talet var det tett med hytter langs stranda på øya. Dei fleste av desse er rivne, ettersom det var tvilsomt om det var lovleg å byggja ute på øya heilt frå bygginga starta på 1920- og 1930-talet. Dessutan er Rangitoto no eit naturreservat. Nokre få hytter står likevel att, for å gje eit inntrykk av korleis øya kunne vera den gongen ho hyste fleire hundre menneske. Der er òg att ein del leivningar frå den andre verdskrigen på øya. Desse var ein del av forsvarsverka til hamna.

Rangitoto sett frå North Head

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Der er ingen elver eller bekkar på Rangitoto, så plante- og dyrelivet er avhengig av nedbør for å klara seg. Øya er likevel for ein stor del kledd av tre og meir uvanlege plantar som t.d. bregner (Trichomanes reniforme).[1] Der er ein større skog av naturleg frødd pōhutukawa (Metrosideros excelsa) og ratatre (Metrosideros robusta). Innførte pungrevar (revekusu eller Trichosurus vulpecula, på New Zealand kalla possum) og wallabyar (ein liten kenguruart) vart fjerna seint på 1900-talet.

Bregne, Gleichenia dicarpa, på Rangitoto.

På somme delar av øya ligg område med lett, svart lavastein enno oppe i dagen, ettersom dei ikkje er blitt dekte av vegetasjon.

Over ei landbru er Rangitoto knytt til den mykje eldre, ikkje-vulkanske øya Motutapu, der det er mogeleg å sjå arkeologiske restar etter maoribustader som vart øydelagde ved utbrotet til Rangitoto.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trichomanes reniforme, arkivert frå originalen 26. juni 2006, henta 26. juni 2006 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rangitoto

36°47′14″S 174°51′48″E / 36.78722°S 174.86333°E / -36.78722; 174.86333