Ranheim Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ranheim IL)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ranheim IL logo.svg

Ranheim Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Ranheim i dagens Trondheim kommune, stifta 17. februar 1901. Idrettslaget er aktivt med i fotball, friidrett, handball og skiidrett.

På 2010-talet er Ranheim IL mest synleg med sitt fotballag på nivå to i norsk seriefoball for menn. Historisk er Ranheim særleg knytt til friidrett og lagets mest kjende medlem, langdistanseløparen Ernst Larsen som vann bronsemedaljen på 3000 meter hinder under Sommar-OL 1956 i Melbourne. Også Øistein Saksvik hevda seg nasjonalt på langdistansane i friidrett, og var elles aktiv på høgt nivå i langrenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]