Ransåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Ransåsen skriv seg opphavleg frå Numedal, men er og nytta i Telemark. Her heiter slåtten Ondelåna, Kari Einung eller Eivind Tave, og er spela i tradisjon etter Håvard Gibøen. Slåtten var mykje nytta av Gullik Spellemann frå Flesberg, og namnet Ransåsen skriv seg frå stordansaren Levor Ransåsen som levde frå 1788 til 1857.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Variantgruppa har katalognr 494 i hardingfeleverket, og tel seks variantar, to frå Numedal og fire frå Telemark. Slåttane etter Eilev Smedal, Olav Løndal og Eivind Mo er meir utbygde enn dei tre første variantane.