Ranveig
Utsjånad
Ranveig og Rannveig er norske kvinnenamn av norrønt opphav. Dei er sette saman av namnedelane Rann-, som tyder hus, og -veig, ein kvinnenamnedel med ukjend tyding som kan tyda 'styrke' eller 'stridande'. Dei kan òg ha blitt avleidde frå Ragnveig. Rønnaug er ei nyare form av namna.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet er kjend frå norrøn tid og er nemnd i fleire norrøne soger, som Egilssoga og Njålssoga.
I nyare tid var namn mest brukte i Noreg frå rundt 1920 til rundt 1960. Det var ved inngangen til 2009 1 560 norske kvinner som heitte Ranveig og 1 199 som heitte Rannveig.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ranveig Frøiland (f. 1945), norsk politikar
- Ranveig Eckhoff (f. 1950), norsk operasongar og kulturjournalist
- Ranveig Frøiland (f. 1945), norsk politikar frå Arbeidarpartiet
- Rannveig Getz (f. 1938), norsk interiørarkitekt
- Rannveig Guðmundsdóttir (f. 1940), islandsk politikar
- Rannveig Ryeng (f. 1988), norsk fiolinist
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norske navn.no
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ranveig hjå Statistisk Sentralbyrå
- Spørjekassa om namn Arkivert 2006-10-30 ved Wayback Machine. ved uio.no