Ranværing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ranværing(smål) eller Nord-helgelandsk er dei tradisjonelle nordnorske målføra på indre Nord-Helgeland, i området kring Ranfjorden, i Hemnes kommune, i Elsfjord sokn i Vefsn kommune, og sør i Beiarn kan òg dialekta reknast som ranværing, i og med at mange av gardane der vart rydda av folk frå andre sida av Saltfjellet. Dialekta har overraskande mange austlege preg, noko som skil det frå vefsnmålet i sør, som har fleire vestnorske målmerke. Då Norsk Jernverk opna i Mo i Rana på 50-talet, førte det til mykje innflytting. Dialekta kom i kontakt med andre dialekter, og mange av særprega fall bort. Det er difor det i dag er so stor skilnad på målet kring byen og målet i tettstadene og bygdene inne i landet.

Målmerke[endre | endre wikiteksten]

Dialekten framstår tydeleg som ein nordnorsk dialekt, med

  • Høgtone. Tonefallet byrjar høgt, og dett mot slutten av setninga.
  • Halvhogging (apokope). Tonlette stavingar fell bort i ymsande mon.
  • Fleirtal av inkjekjønnsord har endinga -an: husan, eplan
  • J-klang (palatalisering) av n, l, t og d i visse samanhengar.

Sjølv om nordnorske målføre oftast vert rekna blant vestnorske målføre, har ranværingsmålet fleire austnorske målmerke enn det som er vanleg i nordnorsk elles.

Uttale[endre | endre wikiteksten]

Ranværingsmålet har ein del "mellomvokalar" i ulike samanhengar. Vokalen ò vert ofte skildra som "ein ø som går mot å". Døme på vokalen finst i setninga lòppa hòppa i tròppa. Målføret har ein annan vokal som ofte vert avteikna med œ, og er skildra som "en ø som går mot æ". Han finst i setninga båt'n sœkk i rœk og fœk. Før palatale ljodar er det vanleg at o-vokalen vert diftongisk, t.d. tròullj og òunnj (nn. troll og onn). Ljoden som er avteikna med -ggj- ymsar mykje i dialekta. I sør fell han ofte i hop med kj-ljoden, medan han held seg som ein slags palatal d i nord. Difor heiter det helst veddje for "vegger" i Nord-Rana, men vekje i sør.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Det tradisjonelle målet har spor etter kløyvd infinitiv. Det vil seia at verb som på gamalnorsk hadde kort vokal og kort konsonant i rotstavinga (t.d. vita, baka, moka, fara) held på a-endinga, medan alle andre verb har apokope i infinitiv (t.d. hør', finn', kast', frå gn. høyra, finna, kasta). Døme på verb med kløyvd infinitiv i ranværingsmålet er å prata, å raga (sjangla), å moka, å vea (vassa), å bala (streva, arbeida), å veta, å svesa (fara med laust snakk). I det meste av dialektområdet, med unntak av Nord-Rana, vert tonlett -a i stavingsutljod uttala som ein slags -æ, ofte skrive i ljodskrift.[1] Denne uttalevarianten av a-lyden finn ein att i vefsnmålet.

I sterke verb ser ein ofte eit samanfall mellom formene i infinitiv og presens, t.d. å fer (av å fara), å søv (av å sova). Elles vert sterke verb jamnt over bøygde som i standard nynorsk, utan ending i presens og med e-ending i supinum. I supinum vil vi likevel finne avvikande former som lie for 'lege' og føre for 'fare'.

Eit særdrag som ranværingsmålet ser ganske åleine ut om å ha, er at notidendinga i a-verb fell bort i notid; han kast' (nn. han kastar). Jamvektsord derimot, held stundom på endinga. Eit anna drag som er nokso særeige er at dei st-verba som har eit tilsvarande grunnverb med a-bøying, har vorte omtolka som a-verb sjølve. Døme på det er å samlest - samlesta og å jamnest - jamnesta.

Døme på verbbøying
Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Sterke verb å far/fær fær fór ha føre
å tugg tugg tòugg ha tòddje (sør: tåkje)
A-verb å kast kast kasta ha kasta
å moka moka moka ha moka
E-verb å hør hør høul ha høurt
å byddje byddje bøgd ha bøgd

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantivbøyinga liknar mykje på nynorsken i dag, med få unntak. Inkjekjønnsord som i ubunden eintal endar på vokal (t.d. snøre, auga) får same fleirtsalsbøying som hankjønnsorda. Det er òg vakling i bortfallet av vokalar i bøyingsmønstera. I sør er det vanleg at fleirtal av ord som oter vert otra, men i nord vert det helst otera.[1]

Døme på substantivbøying
Eintal Fleirtal
ubunden bunden ubunden bunden
Hankjønnsord hæst hæstn hæsta hæstan
søu søuen søue søuen
lærar lærarn lærera læreran
Hokjønnsord ælv ælva ælve ælven
jømmer jømm(e)ra jømm(e)re jømmern
visa visa vise visn
Inkjekjønnsord ægg ægge (sør: ekje) ægg æggan
snøre snøre snøra snøran
øue øue øua øuan

Restar av dativ kan enno høyrast i ordtak og faste vendingar, t.d. han far e på låva, der låva er dativforma av låven.

Sermerkte ord[endre | endre wikiteksten]

Somme substantiv har anna kjønn enn bokmål:

ein nebb (sjeldan), ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai.

Eit typisk ranværingsord er t.d. kørv for "gut"[2]

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen[1]
Subjekt Objekt Eigedom
1p. Eintal eg meg minnj, mi, mena
2p. Eintal du deg dinnj, di, sena
3p. Eintal Hankjønn han, hannj hanjs
Hokjønn ho ho, hinnja hinnjers, hennes
Inkjekjønn de de
1p. Fleirtal vi åss våres
2p. Fleirtal Vanleg dåkk dåkk dåkkers
Vyrdeleg I Ør Ørs
3p. Fleirtal di, dæm dæm, di deres, dæmmers

Bruken av pronomen ymsar i dialektområdet. I Hemnesberget heiter det helst alltid dæm i subjekt og objekt og dæmmers som eigeform. I eldre mål var pronomenet I - Ør - Ørs bruka i høfleg tiltale, t.d. var det vanleg folkeskikk at ein bruka pronomenet i tale med besteforeldra sine.

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

  • ke (kva)
  • kem (kven)
  • ker (kor)
  • kefør (kvifor)
  • keless’n (korleis)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hallfrid Christensen i Axel Coldevin: Rana bygdebok bind 1 (1964)
  1. 1,0 1,1 1,2 Hemnes og Mo prestegjeld til 1850. s. 484-489. 
  2. Årbok for Helgeland. 1998/99 Vol. 29. s. 55.