Hopp til innhald

Rapa nui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rapa nui
Klassifisering Austronesiske språk
  Oseaniske språk
   Polynesiske språk
    Marquesasspråk
Bruk
Tala i  Chile
Rapa nuitalande i alt ca. 5000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 rap
Rongorongo-inskripsjonar på Påskeøya. Dei har sannsynlegvis blitt nytta for å skriva rapa nui.

Rapa nui er eit språk som blir snakka av den noverande befolkninga (rapa nui) på Påskeøya. Talet på morsmålstalar er nokre tusen, nokre hundre av dei bur på det chilenske fastlandet, på Tahiti og i USA. Rap nui er, på same måte som til dømes tahitisk og hawaiisk, eit austpolynesisk språk i den austronesiske språkfamilien.[2] Ved ei vitjing på 1770-talet kunne ein tolk for kaptein Cook frå Tahiti berre identifisera ca. 15. ord som polynesiske; dei andre forstod han ikkje.

Sjølv om rapa nui bli rekna som truga har talarane for det meste ei positiv innstilling til språket.[3]

Det enno uløyste skriftsystemet rongorongo trur ein tidlegare blei nytta til å skriva rapa nui.[4] Men om dette er eit skriftsystem eller berre symbol til anna bruk er uklart. Viss det er eit skriftsystem vil rapa nui vera det einaste polynesiske språket som har hatt eit sjølvstendig skriftsystem. Kva som talar mot at teikna i rongo-rongo skulle symbolisere lydar eller ord, er at det ikkje er visse symbol eller symbolkombinasjonar som blir bruk mykje oftare enn andre, noko som burde vore tilfellet for dei vanlegaste orda og lydane. Det noverande språket blir skrive med det latinske alfabetet.[5]

Det første bladet som blir utgjeve på rapa nui er Tāpura Re'o.[6]

Konsonantar

[endre | endre wikiteksten]
Bilabial Labiodental Alveolar Velar Glottal
Nasal m n ŋ
Plosiv p t k | g ʔ
Frikativ v h
Flappar ɾ

Kjelde:[5]

Fremre Sentrale Bakre
Lukka i u
Halvopen e o
Open a

Kjelde:[5]

  1. «Rapa Nui». Ethnologue. 2020. Henta 14 oktober 2020. 
  2. «Rapanui». glottolog.org. Henta 15. oktober 2020. 
  3. «Language metadata: Rapa Nui». Endangered Languages (på engelsk). Henta 15. oktober 2020. 
  4. «Rongorongo script». omniglot.com. Henta 15. oktober 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Rapa Nui language, alphabet and pronunciation». omniglot.com. Henta 15. oktober 2020. 
  6. «Rapa Nui language». www.easterisland.travel. Henta 25. mars 2021.