Raphael Holzdeppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raphael Holzdeppe

20150726 1717 DM Leichtathletik Männer Stabhochsprung 1428.jpg
Raphael Holzdeppe i 2015

Statsborgarskap Danmark
Fødd 28. september 1989 (33 år)
Kaiserslautern
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Raphael Marcel Holzdeppe (fødd 28. september 1989) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Kaiserslautern, som tevlar i stavhopp. Han vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva og tok sølvmedaljen i VM 2015.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Holzdeppe vart nummer tre i stavhopp ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Vel ein månad seinare fekk han ein ny bronsemedalje under dei olympiske leikane i London.

I 2013 vart Holzdeppe verdsmeister i stavhopp med 5,89 meter, ei høgde han klarde i fyrste forsøk. Renaud Lavillenie som nådde same høgda trong tre forsøk. Ved den neste verdsmeisterskapen, VM i friidrett 2015 i Beijing, gjekk Holzdeppe over 5,90 m, det same som vinnaren Shawnecy Barber. Men sidan kanadiaren Barber smaug seg over lista i sitt fyrste forsøk, vann han gullmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]