Rapid Wien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagbilete framfor 2010/11-sesongen

Sportklub Rapid, i Noreg kjend som Rapid Wien, er eit idrettslag i Wien i Austerrike, særleg kjend for fotballaget sitt. Rapid, som har spelt i den austerrikske toppdivisjonen i fotball sidan den vart starta opp i 1911, tapte finalen i Cupvinnarcupen i 1985 og på ny i 1996.

Fram til juli 2014 spelte fotballaget på Gerhard-Hanappi-Stadion i bydelen Hütteldorf. Stadion vart då rive for å gje plass til eit nytt stadionanlegg som får namnet Allianz-Stadion, med plass til 20 000 tilskodarar. Laget spelar i grøn-og-kvitstripete trøyer, grøne bukser og kvite strømper.

Idrettslaget Rapid vart skipa i 1898. Laget trimferte i den austerrikske fotballserien allereie i den fyrste sesongen (1911/12) og har til dags dato (september 2015) vunne 32 seriemeisterskap, fleire enn noko anna austerriksk fotballag. Både i 1930 og 1951 vann Rapid mitropapokalen, ei cupturnerning mellom fotballklubbar i Sentral-Europa. I 1941 vart laget også tysk meister då Austerrike var innlemma i Nazi-Tyskland.

Rapid tapte 1-3 for engelske Everton då laget spelte sin fyrste finale i Cupvinnarcupen 15. mai 1985 i Rotterdam. Elleve år seinare nådde Rapid cupvinnarcup-finalen på ny då det møtte Paris Saint-Germain i Brussel, og atter vart det tap, då med 0-1. Målvakta Michael Konsel var den einaste som spelte begge finalekampane.

Nordmennene Jan Åge Fjørtoft og Ragnvald Soma har begge spelt for fotballaget Rapid Wien.

Handballaget til Sportklub Rapid har vunne fire austerrikske meistertitlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]