Rapido
Utsjånad
| Rapido | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 40 km | ||
| Middelvassføring | 25 m³/s | ||
| Kjelde | Le Mainarde | ||
| • høgd | ~2 000 moh. | ||
| Munning | Liri nær Cassino | ||
![]() Rapido 41°28′21″N 13°50′17″E / 41.472561°N 13.838101°E | |||
Rapido er ei 40 km lang elv i Lazio i Italia. Elva renn gjennom Ciociaria i provinsen Frosinone.
Rapido har utspring på grensa mellom Lazio og Molise i fjellsida i Mainardefjella. Elva renn gjennom området Sant'Elia Fiumerapido her ho vidare vert kalla Gari og nær Cassino renn ho i lag med Liri og dannar Garigliano.
Fleire karstkjelder renn ut i elva og ho har derfor relativt stor og jamn vassføring. I gjennomsnitt er vassføringa 25 m³/s og aldri under 10 m³/s.
Elva var åstad for eit blodig slag i januar 1944 då dei allierte prøvde å opprette eit bruhovud for å innleie åtak på Gustavlinja nær Monte Cassino.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rapido River» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2007.
