Rapparen Oter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oter
FødestadTromsø
FødenamnStian Ottesen
Periode2014–
SjangerRapp

Stian Ottesen (fødd i 1984), kjend under artistnamnet Oter, er ein rappar frå Tromsø. Til dagleg jobbar han som maskinførar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ottesen er oppvaksen i Tromsø. Han byrja å rappe som 16–17-åring etter at ein han kjende hadde introdusert han for rapkulturen.[2] Han gav ut debutplata Kollektiv kollaps i 2014, som fekk god kritikk rundt om i landet.

Eit par år etter å ha gjeve ut debutplata tok han pause frå musikken. Fyrst i 2020 sleppte han ny musikk[3] som leia opp til tre album i 2022: I mai kom Young Hoel III: Hestehoven, i september Young Hoel II, og til sist Young Hoel I i desember.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kollektiv kollaps (2014)
  • Young Hoel III: Hestehoven (2022)
  • Young Hoel II (2022)
  • Young Hoel I (2022)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skog, Helge (18. november 2022), «Oter: – Det var litt fleiping om «den nye Jørn Hoel» i en periode», itromso.no (på norsk), henta 18. desember 2022 
  2. Moe, Marianne Lein (9. mai 2014), «Undergrunn, Tromsø og følelser». iTromsø, s. 24–25.
  3. Lægland, Martin (17. april 2020), «Etter flere år i dvale er Tromsø-rapperen Oter tilbake: – Virker som om folk har savna meg», itromso.no (på norsk), henta 18. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Oter «Rapparen Oter» i Store norske leksikon, snl.no.