Ras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øydelegging etter eit jordras
Eit snøras

Ras, òg kalla skred (frå norrønt skrið, i slekt med skride) eller lavine, er ei nemning på at større mengder stein, jord, eller snø som rører seg nedover eit landskap eller ei fjellside. Eit stort ras kan røra seg fleire kilometer og føra til stor øydelegging. Om massen i raset dett ned i til dømes ein fjord, kan det koma store flodbølgjer - dette gjeld ikkje minst fjellskred eller store steinras. Ved til dømes Tafjord-ulukka i 1934 gjekk sjølve raset i eit folketomt område, medan flodbølgja skapte stor øydeleggingar langt unna.[1]

Ein stad der det stadig går ras eller er spor etter ras vert kalla ras- eller skredlaup.[2]

Ikkje noko fylke i landet unngår ulemper eller skader frå ras. Det går særleg ut over kommunikasjonslinjer, veg, jarnbaner, kraftlinjer, men òg skog, dyrka mark, bustadområde og i sjeldnare tilfelle industrianlegg. I dei mest alvorlege tilfella går menneskeliv tapt. I Noreg tok åtte store snø- og fjellras livet av 257 menneske i løpet av 1900-talet

Steinras og fjellras[endre | endre wikiteksten]

I all berggrunn er det sprekk og slepp. Når vatn trengjer ned i desse, føregår ei langsom kjemisk forvitring, som saman med frostsprenging og temperaturvariasjonar fører til at sprekkane blir utvida og steinane lausnar. Viss berggrunnen er gjennomsett av utoverhellande sprekkar eller sleppeflater, kan slike laussprengte parti lett rase ut der terrenget er bratt, t.d. i skrentar og fjellsider. Etter storleiken på dei utraste massane skil ein mellom steinsprang, steinras og fjellras.

Stadige steinsprang frå eit fjell dannar urer ved foten, medan dei større steinras særleg går vår og haust og er vanlege på Vestlandet, i Nord-Noreg og i det indre av Austlandet.

Fjellras kan gå tvers over dalar, demme opp elver og danne innsjøar. Fjellras som styrtar ned i vatn, kan skape flaumbølgjer. Dei mest katastrofale fjellrasa i Noreg er av denne typen, som Loenulukkene og Tafjord-ulukka.

Fjellrasovervaking[endre | endre wikiteksten]

Statistisk sett vil Noreg bli råka av 2–3 store fjellrasulukker i løpet av ein hundreårsperiode, og kvar enkelt av desse vil krevje 20–200 menneskeliv. Di verre er det ikkje så lett å føresei kvar og når fjellras vil kome, men i nyare tid har ein byrja ei viss overvaking ved radarmålinger frå bakken og kontroll av stag som er sett opp tvers over opne sprekkar. Dette er gjort i Tafjord og spesielt ved Åkerneset mellom Hellesylt og Stranda. Utstyr for strekkmåling vart sett opp 1985. I 2004 hadde minst éit av staga ramla ned i sprekken, som har utvida seg med tre til fem centimeter i året. Når fjellblokken her sklir ut, kan det bli eit skred på 40 mill. m³. Dersom raset går ned i fjorden, vil det lage flodbølgjer som kan skylle inn over Hellesylt og inn Geirangerfjorden mot Geiranger.

På Byrda-platået overfor Romsdalen er det sett opp GPS-utstyr som mæler eventuelle rørsler med nøyaktighet på nokre få centimeter over ein sprekk. Ved registrering av ein auke av rørsla over sprekken vil ein kanskje kunne forutsi eit større skred. Overvåkning og sikringstiltak mot fjellskred er i dag eit reint kommunalt ansvar.

Jordras[endre | endre wikiteksten]

Ved kraftig gjennomblauting av jord og andre lausmassar som følgje av kraftig nedbør, flaum eller teleløsning, kan ras utløysast der terrenget har tilstrekkeleg helling. Jordskjelv og menneskeleg verksemd som graving, masseforflyttingar og liknande kan òg utløyse ras i ustabile massar. Jordras med stort vassinnhald vert kalla flaumskred.

I Noreg finst jordras hyppig. Fleire stader i dalane er liene fura av gamle jordras, til dømes i øvre Gudbrandsdalen. Ein annan type lausmasseras er undervassras som går under vatn og på strandnære områr. Desse består av laust lagra finsand og grovsilt, og kan omfatte store areal med særs lita helling. I Noreg er det særleg kjent frå kontinentalsokkelen som Storeggaraset og frå Trøndelag og nordover. Undersjøiske ras kan utløyse store slamstraumar og turbiditt.

Leirras[endre | endre wikiteksten]

I visse strøk av Noreg består grunnen av leire. Leira vart opphavleg avsett i havet. Der leira står i skråningar, kan det lett gå leirras eller leirfall. Dei fleste større leirrasa i Noreg er knytt til kvikkleire, som etter ristingar eller belastning i samband med erosjon, graving, sprenging eller liknande brått kan forvandle seg til ei tyntflytande velling.

Leirras finst særleg omkring Oslofjorden, på Romerike og i Trøndelag. Det største og mest katastrofale leirraset i Noreg gjekk i Gauldalen i 1345. Ved utrasinga vart Gaula mellombels oppdemt, og ved gjennombrytning oppsto flaum nedanfor. Kring 50 gardar vart øydelagde, og 250 fastbuande menneske og dessutan like mange «vegfarande og fattige» skal ha omkome.

I utlandet er større leirras i samband med vulkanutbrot kjent mellom anna frå Peru (Huascarán).

Snøras[endre | endre wikiteksten]

Her til lands har ein tradisjonelt delt inn snørasa i mjellras og kramras etter forholda i snøen. Mjellrasa går i kaldt vê med tørre og lause snømassar, og kan styrte nedover fjell- og dalsider og oppnå stor fart. Kramsnøsrasa går i mildt vêr, snømassene er våte og tunge og rører seg relativt langsamt.

Snøras blir vanlegvis utløyst under eller like etter sterkt snøfall, vind eller temperaturstiging; faren er som regel størst når snøfall og vind opptrer samstundes. Sjølv om overflata er hard og fast, kan lause lag nede i snødekket medføre rasfare. Snørasfaren er avhengig av terrengformene, vêrtilhøva og den omvandlinga snøen blir utsett for gjennom vinteren, særleg danninga av glideplan ved rekrystallisasjon av lagoverflater.

Laussnøras[endre | endre wikiteksten]

Laussnøras går som regel i overflata av snødekket og i lause snøtyper der samanhengen mellom snøkrystalla er lite. Rasa breier seg utover etter kvart som det rører seg nedover. Rasbanen er karakterisert ved punktformig utløysing og pæreform. Denne typen ras fører vanlegvis med seg mindre snømengder, og dei er som regel ikkje store; dei er vanlege der terrenget er brattare enn 50–55°.

Sørperas[endre | endre wikiteksten]

Sørpreras består av ei blanding av snø og vatn som kan oppstå når snøen demmer opp bekker og elvar, eller når store vassmengder byggjast opp i snødekket. Dei går ofte i terreng med lita helling.

Flakras[endre | endre wikiteksten]

Flakras er ras der snøen er så fast at han glir ut i flak. Det blir danna skarpe brotkanter langs den øvre avgrensinga til raset og snømassene glir ut langs plan som følgjer svake lag i snødekket eller bakken. Flaka som blir danna når raset lausnar, blir etter kvart brote opp i mindre og mindre stykke. Flakrasa kan omfatte store snømengder, og det er særleg denne typen ras som fører til ulukker.

Tiltak[endre | endre wikiteksten]

Førebygging mot snøras kan mellom anna bestå av samleskjermar i eller ovanfor og støtteforbygg i utløysingsområdet, overbygg/leiemurar i rasbanen eller bremsekjegler/fangvoller i avleiringsområdet.

Ved ferdsel i utsette område bør ein unngå bratte skråninger der det er meir snø enn elles; omtrent 75 % av rasa lausnar der terrenghelningen er 35–45°.

Store rasulukker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Blant dei vondaste ulykkesåra ein kjenner til er 1679 då 20 gardar vart øydelagde og 130 personar omkom på Sunnmøre, og 1868 då 161 menneske vart teke av ras og omkom. Ved leirraset i Verdalen i 1893 glei 55 mill. m³ masse ut. Store areal vart overskylt av vatn ovanfor og av leire nedanfor rasområdet. Rissaraset i 1978 omfatta 330 dekar og 5–6 mill. m³, og rasgropa var nær 1,5 km lang. Sju gardar og fem einebustader vart tekne, men av dei 40 personane som oppheoldt seg innanfor rasområdet, omkom utruleg nok berre éin. Vinteren 1955–56 omkom 31 menneske i snøras og vinteren 1976–77 omkom 12, av dette var halvparten skiløparar. I 1986 gjekk eit større snøras i Vassdalen, på grensa mellom Nordland og Troms, og 16 soldatar som var på øving i området, omkom.

  • Sept. 1345 Leirras i Gauldalen i Sør-Trøndelag, minst 250 omkomne. Største naturkatastrofen i Noreg.
  • Juli 1625 Leirras på Bakklandet i Trondheim, 20 omkomne.
  • Feb. 1679 Fleire snøras på Sunnmøre (mellom anna Valsa og Skylstad i Ørsta), 130 omkomne
  • Feb. 1702 Leirras på Borregård i Sarpsborg, 14 omkomne.
  • Jan. 1731 Eit stykke av Skafjellet i Stranda på Sunnmøre lausna, 17 omkomne.
  • 1733 Snø- eller fjellras i øvre Oldedalen, særs mange omkom.
  • Feb. 1756 Ein fjellhammar (ca. 15 mill. m³ steinmasse) rasa ut i Langfjorden i Tjelle i Romsdal, 32 omkomne.
  • Mars 1760 Leirras på Dale (Dæli) i Rissa i Sør-Trøndelag, 17 omkomne.
  • April 1768 Leirras på Skeia (Skea) i Sørum, 16 omkomne.
  • Jan. 1770 Snøras i HjørundfjordØrsta på Sunnmøre. Raset slo ned i fjorden, og 27 omkom då dei rodde heim frå brullaup på Sæbø
  • 1780 Fjellras i Ulvik kommune forårsaket flodbølge. Det blir sagt at eit helt brudefølge omkom.
  • Juli 1789 Storofsen. Store nedbørsmengder, storflaum og mange dødbringande ras på Austlandet. I Gudbrandsdalen lausna ca 80 jordras.
  • Juni 1810 Fjellras frå Pollfjellet i Lyngen i Troms, gav flodbølgjer, 14 omkom.
  • Des. 1811 Fjellras i Arnafjord i Sogn, 45 omkomne
  • Mars 1816 Leirras i Tiller i Trondheim, 15 omkomne
  • Feb. 1846 Snøras i Nibbedalen på Sunnmøre, 18 omkomne.
  • 1860 Snøras i Luster, 18 omkomne
  • Feb. 1868 Ei rekkje snøras på Nordvestlandet, på Oppdal og i Nordland med totalt 161 omkomne.
  • Des. 1873 Uvanlege vêrforhold førte til fem ulike jordras same døgn, i indre Sogn, Sogn og Fjordane, 21 omkomne
  • Mai 1893 Leirras i Verdalen, 105 gardsbruk rasert, 112 omkomne
  • Jan. 1905 Fjellras i Loen skapte flodbølgje, 61 omkomne
  • Mars 1906 Snøras i Steine fiskevær på Vestvågøy, 19 omkomne
  • April 1934 Fjellras i Tafjord i Møre og Romsdal, skapte tre flodbølgjer, 40 omkomne
  • Sept. 1936 Fjellras i Loen, ei flodbølgje skulde vekk alle gardsbruk i Bødal og all jord i Nesdal, 73 omkomne
  • Okt. 1953 Leirras ved Bekkelaget i Oslo, 5 omkomne
  • Mars 1956 Fleire snøras i Lofoten, 21 omkomne
  • April 1978 Leirras i Rissa i Sør-Trøndelag, 330 mål med 5-6 millionar m³ leire rasa ut, ein person omkom.
  • Mars 1986 Snøras i Vassdalen, på grensa mellom Nordland og Troms, 16 omkomne
  • Juni 1996 Leirras i Finneidfjord i Hemnes i Nordland 4 omkomne. Raset vart påstått utløyst ved anleggsarbeid, men dette vann ikkje fram i retten
  • Nov. 2004 Kongsnes i Lånefjorden i Balestrand i Sogn og Fjordane, ein person omkom
  • Sep. 2005 Jordras mot rekkehus, Hatlestad Terrasse i Bergen, 3 omkomne. To månader seinare gjekk eit nytt jordras i byen, der ein person omkom
  • Juli 2006 To jordras i Lom og Vågå etter 85 mm nedbør i løpet av halvannan time, 100 personar evakuert

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skred. (2012, 4. desember). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/skred.
  1. Furseth, Astor (2006): Skredulykker i Norge. Tun forlag.
  2. Skredlaup. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/skredlaup.
Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.