Ras Ibn Hani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ras Ibn Hani
رأس ابن هاني, Betyllion
Ei grav i Ras Ibn Hani
Land  Syria
Guvernement Latakia guvernement
Koordinatar 35°35′6″N 35°44′45.6″E / 35.58500°N 35.746000°E / 35.58500; 35.746000
Areal 0,02 km²
Kart
Ras Ibn Hani
35°35′06″N 35°44′46″E / 35.585°N 35.746°E / 35.585; 35.746
Wikimedia Commons: Ras Ibn Hani

Ras Ibn Hani (arabisk رأس ابن هاني) er eit lite nes som ligg 8 km nord for Latakia i Syria ved Middelhavet. Det er ein viktig arkeologisk stad som var busett nesten kontinuerleg frå seint i bronsealderen til bysantinsk tid.[1] Staden er no ein stor feriestad kalla Cote d'Azur.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyststaden ligg berre to timars gåtur frå bronsealderstaden Ugarit, og overlevde så vidt kollapsen til Ugarit mot slutten av bronsealderen.[2] Staden er identifisert staden grekarane kalla Betyllion,[3].

Spor ved leirstaden indikerer at busetnaden ved Ras Ibn Hani vart folkesett på by av ptolemeiarar på midten av 200-talet fvt., etter den tredje syriske krigen. Som følgje av krigen tok egyptarane over Selvkia Pieria. Ein trur at for å verne Selvika Pieria frå Laodicaea (Latakia), som vart kontrollert av Selevikide-dynastiet grunnla Ptolemaios III ein busetnad ved Ras Ibn Hani. Denne busetnaden var visstnok kortliva. Spora indikerer at han forsvan etter andre halvdelen av det første hundreåret fvt. etter at Det ptolemeiske kongedøme mista kontrollen over området.[1] Robin Lane Fox skriv[2] at Trajan gjekk i land på denne staden for å nå troppane sine i Syria under det lagnadstunge mesopotamiske felttoget i 114–117 fvt.

Arkeologiske funn[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn indikerer at det var ein hellenistisk busetnad her, men namnet og kva tid han vart grunnlagd er ikkje kjend, og han er heller ikkje nemnd i kjeldene. Det er funne minst 512 hellenistiske myntar. Kring 170 ptolemaiske myntar er datert frå regjeringtida til Ptolemaios II, Ptolemaios III og Berenike, 309—80 fvt. Ein har òg funne ein inskripsjon som er datert til andre halvdel av 200-talet fvt. med ei liste over ptolemaiske leigesoldatar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cohen, 2006, s. 124
  2. 2,0 2,1 Fox, Travelling Heroes in the Epic Age of Homer, 2008:91.
  3. John Malalas Chronicon (11.3) skriven på 500-talet fvt., som har forma Bytyllion

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]