Ras Maska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ras Maska
راس مسقا
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Koura distrikt
Høgd 150 moh.
Koordinatar 34°23′0″N 35°50′0″E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Map
Ras Maska
34°22′0″ N 35°49′0″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Ras Maska (òg kalla Ra's Maska eller Ras Masqa, arabisk رأس مسقا) er ein landsby i Koura distrikt i Nord guvernement i Libanon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg i Koura distrikt på åsane oppom Middelhavet sør for Tripoli. Han er delt inn i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen ligg nærast Tripoli og ligg 60 meter over havet. Her er majoriteten sunnimuslimar. Denne delen av landsbyen kan reknast som ein del av Stor-Tripoli.

Den sørlege delen av landsbyen er den høgastliggande, 200 meter over havet. Her er majoriteten kristne, mellom anna gresk-ortodokse og maronittar[treng kjelde]. Sør-Ras Maska er kjend for produksjonen av oliven.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ras Maska vart først nemnt i den osmanske folketeljinga i 1519. Han høyrte då til Nahiyat Koura / Anfeh og var busett av 14 vaksne menn, og 80% av desse hadde familie.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalifeh, Issam (1995), Abhath Fi Tarikh Shamal Loubnan, Private Editor, Hadtoun, page 34.