Ras Tanura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°39′N 50°10′E
Ras Tanura
arabisk رأس تنورة
by
DammamFromTheISS.jpg
Tarutbukta, sett frå Den internasjonale romstasjonen; Ras Tanura ligg på nordsida av bukta
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 26°39′N 50°10′E
Folketal 73 933 (2009)
Borgarmeister Faihan bin Jarwan bin Gaweed
Postnummer 31941
Retningsnummer +966-13
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ras Tanura

Ras Tanura (eller Ra's Tannūrah, arabisk: رأس تنورة tyder «nes-omnen») er ein by i Austprovinsen i Saudi-Arabia på ei halvøy som strekkjer seg ut i Persiabukta. Namnet Ras Tanura vert nytta både om eit inngjerda bustadområde for tilsette i Saudi Aramco (òg kalla «Najmah») og til eit industriområde lenger ut på halvøya som tener som ei stor oljehamn og oljeoperasjonssenter for Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda. I dag har bustadområda kring 3 200 innbyggjarar, inkludert nokre få amerikanarar og britar.

Geografisk ligg Ras Tanura-komplekset litt sør for den moderne industrihamnebyen Jubail og nord for den gamle hamnebyen Dammam. Sjølv om hamneområdet til Ras Tanuraligg på ei lita halvøy, har Saudi Aramco bygd fleire kunstige øyar fordi dei moderne oljetankarane treng djupare vatn. I tillegg er det bygd produksjonsanlegg for oljeriggar i nærleiken, hovudsakleg av Saudi Aramco, Schlumberger og Halliburton.

Najmah var eit av fire bustadområde som vart bygde av ARAMCO i 1940-åra og det einaste som ligg ved kysten av Persiabukta. Ras Tanura-raffineriet er omgjeve av eit tungt vakta tryggleiksgjerde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]