Ras al-Bassit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°50′46″ N 35°50′17″ E
Ras al-Bassit
رأس البسيط
arkeologisk funn
stad 53 km nord for Latakia i Syria
 - koordinatar 35°50′46″ N 35°50′17″ E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ras al-Bassit (arabisk رأس البسيط), historisk kjend som Posideion eller Posideium, er eit lite nes 53 km nord for Latakia i Syria ved Middelhavet. Neset er ein populær feriestad og kystlinja er uvanleg med særeigne svarte sandstrender.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at Ras al-Bassit er staden der den greske byen Posideium låg i antikken, nemnt av både Strabon og Herodotos.[2]

Utgravingar leia av den franske arkeologen Paul Courbin mellom 1971 og 1984 avslørte ein liten busetnad frå seinbronsealderen, då han kan ha fungert som ein utpost for Ugarit, i sør. I motsetnad til Ugarit overlevde Bassit inn i jarnalderen. Han hadde sterke band til Fønikia og Kypros, og grekarane var her frå 600-talet fvt. Bassit vart utvida og akropolisen vart forsterka under grekarane.[3]

Dei kanadiske arkeologiske utgravingane i 2000 har fokusert på den seinromerske og austromerske åpå staden (Université du Québec à Rimouski / Université de Montréal). Bassit blømde frå seint på 200-talet til tidleg på 500-talet fvt. og denne perioden er markert av mange viktige byggprosjekt. Eit kyrkjeområde vart bygt ved foten av akropolisen på 500-talet, då staden var i nedgang, og han verkar å ha blitt gradvis fråflytta kort tid etter den arabiske erobringa. Utgravinga av kyrkja synte eit lite kapell frå krosstoga (1100- til 1200-talet).[4]

Hamna var framleis i bruk under krosstoga og var destinasjon for venetianske skip på 1400- og 1500-talet. På 1700-talet vart han berre nytta av lokale fiskarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Like nord for staden ligg Aqraa, det høgaste fjellet på austkysten av Middelhavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mannheim, 2001, s. 300
  2. %20study.pdf UNEP, Ras Al-Bassit / Oum Al-Toyour Protected Area - Socio economic Analysis «The French excavations 1971 to 1984 revealed a small settlement with citadel founded as an outpost of Ugarit during the Late bronsealderen, surviving into the jarnalderen. It had strong links with Fønikia and Kypros and received a Greek colony in the seventh century B.C. but was destroyed during the Persian period (539-331 B.C.). Alexander passed this way in 333 B.C. (Battle of Issus took place not far north of near modern-day Alexandretta) and it became a Seleucid settlement after 313 fvt. under the name of Posideion with a fortress on its small acropolis."
  3. Courbin, 1986
  4. Beaudry, 2007

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Courbin, Paul (1986). 'Bassit'. Syria 63, s. 175–220.
  • Mannheim, Ivan. Syria & Libanon handbook: the travel guide. Footprint Travel Guides. ISBN 978-1-900949-90-3. 
  • Beaudry, Nicolas, & Perreault, Jacques Y. (2003). 'Travaux récents à la basilique de Ras el Bassit', Annales archéologiques arabes syriennes 45-46, s. 381–391.
  • Beaudry, Nicolas (2005). 'Formes architecturales et géographie historique: l'église de Bassit et le corpus nord-syrien', Mélanges Jean-Pierre Sodini, Travaux et mémoires 14, Paris, s. 119–136.
  • Mills, Philip J. E., & Beaudry, Nicolas (2007). 'The ceramic coarse wares from the basilica excavations at Ras el Bassit in Syria: a preliminary assessment', LRCW2. Late Roman coarse wares, cooking wares and amphorae in the Mediterranean: archaeology and archaeometry, British Archaeological Reports S1662, Oxford, s. 745–754.
  • Beaudry, Nicolas (2007). 'Ras el Bassit et l'Antiquité tardive sur la côte nord-syrienne', Revue d'études des civilisations anciennes du Proche-Orient 13, s. 19–28.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

(fransk) MAQREB - Mission archéologique canadienne à Ras el Bassit