Rasen-Antholz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasen-Antholz
kommune
Antholzertal-2.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Areal 120 km²
Folketal 2 776 (2004)
Map
Rasen-Antholz
46°46′55″ N 12°2′56″ E
Wikimedia Commons: Rasen-Antholz
Nettstad: http://www.gemeinde.rasenantholz.bz.it

Rasen-Antholz (italiensk Rasun-Anterselva) er ein kommune i den italienske provinsen Sør-Tirol. Kommunen omfattar den kjente vintersportstaden Antholz.

Kommunen består av Antholzertal, en nordleg sidedal til Pustertal nær hovudvasskiljet i Alpene. I dalen ligg det seks landsbyar, som nedanfrå og oppover heiter Neunhäusern (926 moh.), Niederrasen, Oberrasen, Antholz Niedertal, Antholz Mittertal og Antholz Obertal (1532 moh.). Dalen fortset nordaustover til Stallerpasset (2052 moh.), som bind saman Antholzertal med Defereggental i Aust-Tirol. Mellom Antholz Obertal og Stallerpasset ligg innsjøen Antholzer See, som ligg på 1642 meters høgd. Ved sidan av denne ligg det eit skiskyttaranlegg som årleg er arena for verdscupen og har arrangert VM i skiskyting ei rekkje gonger.

Av dei 2780 innbyggjarane i kommunen (2004) er 98 % tysktalande. Namna Rasun og Anterselva blei, som dei fleste andre italienske stadnamn i Sør-Tirol, funne opp av fascistane1920-talet ved å oversetje ledd for ledd til italiensk (Ant blei forvanska til Anter fordi det ikkje betyr noko; Holz = selva = skog).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]