Rasmus Flo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rasmus Flo (29. september 185130. november 1905) var ein norsk lærar, filolog og målmann. Gjennom arbeidet sitt med den fyrste nynorsknormalen, fekk han stor innverknad på utviklinga av skriftspråket.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rasmus var bondeson frå bygda Flo i Stryn kommune i Nordfjord. 20 år gammal gjekk han ut frå seminaret på Stord. Han livnærte seg som lærar medan han las seg fram til artium (1873) og i 1881 til filologisk embetseksamen. 1878-85 var han lærar på Kongsvinger mellomskule, så eitt år vikar på Tromsø høgre skule og deretter to år lærar på Valdres kommunale mellomskule. ”Han høvde elles ikkje godt til aa vera skulemeister”, skriv Halvdan Koht, og han fekk vanskar med å få seg arbeid.

I studentåra stod Flo nær Olaus Fjørtoft, delte hans meiningar og målsyn. Liksom Fjørtoft skreiv han på bygdemålet, lett tiljamna og mest mogleg lydrett. Sidan nærma han seg Aasen si norm, men kutta vekk forelda bøyingsendingar og somme daude konsonantar.

I 1892 fekk Moltke Moe han med i arbeidet med Nordahl Rolfsen si lesebok. Flo hjelpte Moe med stilføring og rettskriving i nynorskutgåva av Rolfsens lesebok, eit arbeid han høvde særs godt til med sansen hans for naturleg stil. Steinar Schjøtt fekk òg hjelp av Flo med omsetjing til den nye utgåva si av Snorre Sturlasons kongesoger. Flo omsette mange av skaldekvæda i verket. Flo stod dess vidare bak tyngste arbeidet med band to og tre av Austlids lesebok.

Både gjennom leseboka (Rolfsens) og arbeid for Det Norske Samlaget fekk Flo innverknad på utviklinga av nynorsk skriftspråk. Han var med i den fyrste rettskrivingsnemnda for nynorsk (1899). I hovudsak var det han som sette opp framlegget til fleirtalet i nemnda (Flo og Arne Garborg), den såkalla midlandsnormalen. Flo skal ha vore den einaste som fekk rette på språkføringa til Garborg.

Flo var med i Det Norske Samlaget sist styre 1894-1903. Same året han kom inn i styret tok han på seg å redigere forlaget sitt nystarta tidsskrift Syn og Segn. Han var styrar frå fyrste heftet av Syn og Segn til han døydde. I tidsskriftet skreiv han om mange slags emne, både segngransking, samfunnsvitskap, sjelelære, naturfag og geologi. Flo omsette elles ei av barnebokforfattaren Frederick Marryat sine bøker (Styrmann Stav, 1900).

Flo levde eit kravlaust liv i små kår, han døydde i Kristiania (Oslo).

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmus Flo:Gamle skaldar og kvad. 1902
  • M. Hægstad, A. Garborg, R. Flo:Framlegg til skrivereglar for skularne. Kristiania, 1906

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Halvdan Koht: Norsk vilje. Norges Boklag. 1933