Hopp til innhald

Rasmus Løland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Løland
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd24. mai 1861
Løland i Suldal
Død

12. oktober 1907 (46 år)
Asker

YrkeForfattar, journalist og kritikar
Periode1891-1907
SjangerBarnelitteratur
DebutFolkeliv (1891)
Rasmus Løland på Commons

Rasmus Løland (24. mai 186112. oktober 1907) var ein norsk forfattar, journalist, kritikar og omsetjar som skreiv på nynorsk. Løland gav ut fleire bøker, var i mange år journalist i avisa Den 17de Mai og var redaktør av Norsk Barneblad.

Løland er særleg kjend som barnebokforfattar. Han skreiv levande og moderne frå eit barneperspektiv.

Rasmus Løland var fødd på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke, og heldt seg der første gongen han drog så langt som til Stavanger var han rundt tjue år. Familien var likevel vellesen, dei abonnerte på tidsskrifter og hadde fleire bøker. Foreldra var stillfarande og djupt religiøse.

På skulen gjorde Løland det godt, og i 1878 gjekk han amtskulen. Som ung hadde han drive med skogs- og gardsarbeid, men sjukdom gjorde at han måtte gjera mindre krevjande arbeid, som å laga tiner og sopelimar. Helsa skulle plaga han heile livet, med veike lunger, hjarte, auge som ofte ikkje tolte sollys, og depresjonar.

I 1891, 30 år gammal, fekk Løland gjeve ut den fyrste boka si, Folkeliv. Året etter drog han til Bergen, og nokre år etter det gjekk han frå heimen i Suldal til Oslo. I slutten av 1890-åra hadde han reisestipend til Tyskland og Austerrike. I 1903 kjøpte han hus på Labråten i Asker og blei næraste nabo til Arne Garborg.

Løland døydde av tuberkulose, 46 år gammal, og blei gravlagd på Asker kyrkjegard. I 1911 blei det reist ein minnestein over LølandSand i Suldal, i 1925 blei det reist eit minnesmerke på gravplassen hans. Det har ellers blitt utgitt fleire biografiar over Løland, både i 1938, 1961 og 2007, den siste av Ernst Berge Drange kalla Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke.

  • 1891 Folkeliv
  • 1892 Skuld. Forteljing
  • 1892 Ungar. Forteljingar
  • 1892 Paa sjølvstyr. Forteljing
  • 1893 Skattegravaren. Forteljing
  • 1894 Kor vart det av jola? Barneforteljing
  • 1895 Blodstyng og andre soger
  • 1895 Aandelige klenodier
  • 1895 Gamle ungkarar
  • 1895 I klemma
  • 1896 Emne
  • 1896 Nervesliten
  • 1896 Stevleik
  • 1897 Daudingehandi.Spelstykke
  • 1897 Hugtekne
  • 1897 Trollspel. Spelstykke i ei akt
  • 1989 Jordvend
  • 1899 Mannen som skulle stella heime
  • 1900 Det store nashornet
  • 1901 Ute og heime
  • 1902 Aasmund Aarak
  • 1904 Umskifte
  • 1905 Norsk eventyrbok
  • 1906 Kvitebjørnen
  • 1907 Eventyr og dyresoger fraa alle land

Post mortem

  • 1908 Paa skuggesida
  • 1910 Hundrad aar

Om Rasmus Løvland

[endre | endre wikiteksten]
  • Ernst Berge Drange:Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007: Samlaget. ISBN 978-82-521-6208-0
  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]