Rasmus Lyngnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rasmus Elias Eliasson Lyngnes (3. januar 188619. desember 1980) var ein skulemann og biolog frå DalsfjordSunnmøre.

Lyngnes var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han etter kvart skulevegen, tok såleis eksamen ved krigsskulen i 1910 og lærarprøva i 1911. Der etter underviste han fram til 1924 i realfag på Volda mellomskule og gymnas. Han vart cand.real. i 1921 og var lektor ved landsgymnaset på Eidsvoll frå 1924 til 1945, bortsett frå skuleåret 1930/31, då han var styrar ved den kommunale høgre allmennskulen i Drøbak. Av helsegrunnar slutta han skulen og flytta sidan til Ålesund, der han budde på Store-Nørve.

Framom alt interesserte Lyngnes seg i biologi. I 1936 vart han dr.philos. med eit arbeid over raudålen (Myxime glutinosa). Han skreiv elles mange vitskaplege artiklar og avhandlingar om biologiske emne, mellom anna om skadeinsekt på trevyrke, særleg om husmotten. Lyngnes var både i Japan og i Sør-Amerika på granskingsferd.

Han var òg oppteken av gammal bondekultur. I 1967 gav han såleis ut bygdesoga Dalsfjord I-II, ei gards- og kultursoge om førverande Dalsfjord kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]