Rasmus S. Aarflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus S. Aarflot
Fødd 17. januar 1792
Ørsta
Død

1845

Yrke redaktør, politikar

Rasmus Sivertsson Aarflot (17. januar 179219. januar 1845) var ein norsk lensmann, gardbrukar, redaktør og stortingsmann.

Rasmus S. Aarflot var son av folkeopplysaren Sivert Aarflot, og bror av forfattaren Berte Kanutte Aarflot. Han var fyrst postopnar, og frå 1816 lensmann i Volda. Rasmus S. Aarflot overtok både garden Ekset i Volda og boktrykkeriet Aarflots prenteverk. Han gav ut ulike tidsskrift for å fremje folkeopplysninga (Landboavisen); han representerte Romsdals amtStortinga 1824, 18271828, 1833 og 1839, og var vald 1845, men han døydde før tingsamlinga. I boksamlinga på Ekset-garden fekk den unge Ivar Aasen stimulert noko av kunnskapslysta si.

Rasmus S. Aarflot var far til Mauritz Aarflot.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]