Rasmus Tønder Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus Tønder Nissen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. januar 1822
Melhus kommune
Død

19. januar 1882 (60 år)
Christiania

Yrke politikar, professor, teolog
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Rasmus Tønder Nissen på Commons

Rasmus Tønder Nissen (14. januar 182219. januar 1882) var ein norsk skulemann frå Melhus som var sjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1874-82.

Nissen var son til ein prest. Etter han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1839, studerte han teologi og vart cand.theol. frå universitetet i Christiania i 1843. Same året byrja han undervise ved Hartvig Nissens latin- og realskole i hovudstaden, frå 1850 inspektør og 1852 styrar av skulen. Frå 1854 var han lektor ved universitetet, professor frå 1866.

Den 28. november 1874 vart Nissen utnemnd til statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet, ein posisjon han hadde til han døydde, med unnatak for dei to periodane han sat i den norske statsrådsavdelinga i Stockholm.

Nissen var medlem 1857 i kommisjonen om nytt artiumsreglement og undervisningsplan for realskulane, og 1865 i kommisjonen som vurderte Magnus Brostrup Landstad sitt utkast til kyrkjesalmebok.

Nissen forfatta fleire verk om kyrkjehistorie og teologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]