Rasulukka i Loen i 1936

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lovatnet med Ramnefjellet i bakgrunnen og synlege sår etter rasa.
Foto: C. Hill, 2012
Monument til minne om Loenulukkene.

Rasulukka i Loen 1936 fann stad natta til 13. september 1936. Som under rasulukka i 1905 rasa det frå det 1493 meter høge Ramnefjellet i Loen i Stryn i Sogn og Fjordane, men noko høgare oppi fjellsida. Ein berghamar på over 1 million kubikkmeter rasa ned i vatnet, og skapte ei endå større flodbylgje mot bygdene Nesdal og Bødal, der 73 menneske omkom. 41 av desse vart ikkje funne. Denne gongen gjekk det verst ut over Bødal, som vart heilt vaska bort. Ni bruk med seksti hus, sylvrevfarmar, skule, grendahus, naust, båtar og all jord vart vaska bort. Bylgjene nådde ei høgd på 74 meter. Vraket av den gamle båten «Lodølen», som vart skyld 300 meter opp på land under det førre raset, vart skyld endå nokre hundre meter lenger opp.

På hausten same året gjekk det endå fleire ras, det siste den 11. november då meir enn 1 million kubikkmeter med bergmassar rasa ut. Etter det siste raset flytte dei få overlevande for godt. I 1950 var det nok ein gong eit ras med masse på kring 1 million kubikkmeter. Denne gongen vart det ikkje danna flodbylgjer fordi den nye urda tok av for raset, og fordi Lovatnet no var for grunt til å gje store flodbylgjer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]