Hopp til innhald

Ratina Stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ratina Stadion

AdresseTammerfors
ArkitektTimo Penttilä
Påbegynt1965
Opna1965
DriftTammerfors by
UnderlagNaturgress
Kapasitet17 000
Kart
Ratina Stadion
61°29′33″N 23°45′51″E / 61.4925°N 23.764167°E / 61.4925; 23.764167

Ratina Stadion er eit flerbruksstadion i Tammerfors i Finland med ein tilskodarkapasitet på 17 000. Når det blir arrangert konsertar kan kapasiteten aukast til 30 000 tilskodarar. Ratina Stadion vart bygd i 1965 og renovert i 2004.

Artistar og grupper som Iron Maiden og Toto har hatt konsert på Ratina Stadion, og i juni 2009 heldt Bruce Springsteen og bandet hans The E-Street Band konsert som ein del av Working on a Dream-turnéen.

Stadionet blir for det meste brukt til fotball og er heimebanen til Tampere United. Banen har òg vorte brukt av landslaget til Finland.

Arrangement

[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte halde to verdsmeisterskapar på skøyter her før den andre verdskrigen.

  • Allround-VM på skøyter 1927, menn (kan ha vore arrangert rett på andre sida av næraste elv ved Pyhäjärvenkatu.)
  • Allround-VM på skøyter 1939, kvinner og fleire finske meisterskapar i hurtigløp på skøyter her.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Fotball
Skøyter
  • Profil på ((en)) www.SpeedSkatingStats.com og på ((nl)) www.SchaatsStatistieken.nl (Søster-nettstader)
  • «Ratina» (på engelsk). Skateresults.com. Arkivert frå originalen 2009-09-01. Henta 2013-10-29. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)
  • «Ratina» (på engelsk). Skateresults.com. Arkivert frå originalen 2007-06-19. Henta 2013-10-29. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)
  • «Tampere R - Ratina» (på engelsk). www.Skatebase.com. Arkivert frå originalen 2004-09-19. Henta 2013-10-29. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)