Ratingen
| Ratingen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
| Region | Düsseldorf | ||
| Landkreis | Mettmann | ||
| Høgd | 35–180 m | ||
| Areal | 88,74 km² | ||
| Folketal | 87 513 (31. desember 2023)[1] | ||
| Grunnlagd | Før 849 | ||
| Postnummer | 40878–40885 | ||
| Retningsnummer | 02102 | ||
| Bilnummer | ME | ||
![]() Ratingen 51°18′N 6°51′E / 51.3°N 6.85°E | |||
| Wikimedia Commons: Ratingen | |||
Ratingen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Mettmann i den nordvestlege delen av Berg, om lag 12 km nordaust for Düsseldorf.

Historie
[endre | endre wikiteksten]Ratingen vart grunnlagd før 849. Sidan mellomalderen har Ratingen høyrt til grevane og seinare hertugane av Berg. Den 11. desember 1276 fekk Ratingen byrettar. Ratingen var ein av fire stader i Berg som opplevde ein økonomisk vekst på slutten av mellomalderen, men som stoppa opp under trettiårskrigen. I byrjinga av industrialderen byrja dei første fabrikkane å dukke opp i 1783. I 1815 vart Ratingen ein del av Preussen.
Etter relativt få skadar under den andre verdskrigen opplevde Ratingen ein vekst i 1960- og 1970-åra. Fleire internasjonale selskap (særleg innan IT-industrien) slo seg ned i byen, som Vodafone, Sun Microsystems, Hewlett-Packard, SAP, CEMEX, Tiptel og Esprit
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Ratingen» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2007.
