Ratnasiri Wickremanayake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ratnasiri Wickremanayake
Ratnasiri Wickremanayake1.jpg
Fødd5. mai 1933
Sri Lanka
Død27. desember 2016
Colombo
Statsborgar avSri Lanka
PartiSri Lanka Freedom Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedHartley College
Ananda College

Ratnasiri Wickremanayake (fødd 5. mai 1933) er ein srilankisk politikar og tidlegare statsminister på Sri Lanka.

Wickremanayake studerte juss i London, men tok ikkje eksamen. Istaden vart han blanda inn i studentpolitikk, og vart vald leiaren åt Ceylon Studentforbund i England i 1955. I 1960 vart han medlem i det srilankiske parlamentet for Sri Lanka Freedom Party (SLFP). Han vart assistentminister i justisdepartamentet i 1970, og vart generalsekretær for SLFP i 1977.

I 1994 vart Wickremanayake ministeren for innanriksdepartamentet og plantasjesektoren i den fyrste regjeringa åt Chandrika Kumaratunga. Han vart utnemnd til statsminister i 2000 etter at Sirimavo Bandaranaike gjekk av. Partiet hans fekk ikkje fleirtal i parlamentsvalet i 2000. Han leia ei mindretalsregjering i eitt år med støtte frå det kommunistiske Janatha Vimukti Peramuna (JVP).

Som statsminister tok Wickremanayake ei sterk linje mot dei tamilske tigrane som kjempa for ein sjølvstendig stat i nordaustlege Sri Lanka. Han nekta å halda fredsforhandlingar med dei før dei gav opp terrorisme. Han eggja sinhalesarar til å ha fleire barn slik at hæren kunne få fleire soldatar, og føreslo endringar i lovverket for familieplanleggjing for å oppnå det.

Parlamentet vart oppløyst i 2001 fordi presidenten venta at SLFP ville tapa eit mistillitsframlegg. SLFP miste det neste valet, men fekk makt igjen i 2004-valet i Sri Lanka. Wickremanayake vart minister i regjeringa, og vart utnemnd til statsminister den 21. november 2005 etter at den tidlegare statsministeren Mahinda Rajapakse vart president.

Den 21. april 2010 tok D.M. Jayaratne over som statsminister.