Raud blomsterbukk
Utsjånad
| Raud blomsterbukk | |
Raud blomsterbukk | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Biller Coleoptera |
| Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
| Slekt: | Stictoleptura |
| Art: | Raud blomsterbukk S. rubra |
| Vitskapleg namn | |
| Stictoleptura rubra | |
Raud blomsterbukk er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst i mesteparten av Europa, og er mellom anna vanleg i låglandet i Sør-Noreg. Namnet sitt har han fått på grunn av fargen og fordi dei har ein tendens til å vitja blomar, særleg frå artar i skjermplantefamilien.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Larvane hjå raud blomsterbukk går hovudsakleg på bartre, men har òg funnest på eik. Dei et først og fremst rotnande tre frå liggande stammar, røter, greiner og liknande. På denne måten lever dei i minst to år før dei forpuppar seg i mai/juni. Vaksne biller tek til å koma fram i juli, og er aktive ut august.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) raud blomsterbukk hos Artsdatabanken
- (en) raud blomsterbukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) raud blomsterbukk hos Dyntaxa
- (en) raud blomsterbukk hos Fauna Europaea
- (en) raud blomsterbukk hos NCBI
- (en) Kategori:Stictoleptura rubra – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Stictoleptura rubra – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Stictoleptura rubra – detaljert informasjon på Wikispecies